nyhende
Vurderer seniorlag i volley
Sveio IL stiller sannsynlegvis med seniorlag i volleyball for første gong til hausten. Og det både på herre- og damesida
Volleyballen lever i beste velgåande i Sveio idrettslag. Klubben har i mange år vore dyktig til å utvikle spelarar på aldersbestemt nivå. Siste sesong utmerkte mellom andre Malin Halleraker seg då ho vart tatt ut på jenter 19-landslaget, som reiste til EM-kvalifiseringskampar i Kroatia. På landslagssamling, før den endelege landslagstroppen vart tatt ut, var også lag-venninna Sarah Kvalvågnes Guddal tatt ut
God NM-prestasjon
Òg i Noregsmeisterskapen for gutar 17 var det lagt merke til at Sveio IL, som er ein liten klubb målt mot mange andre i Noreg, tok ein sterk 11. plass i turneringa som vart spelt i Ålgård.
På vegen slo dei mellom anna sterke Torvastad, og spelte lenge jamt mot Kristiansand, som til slutt vann heile meisterskapen.
— Gode prestasjonar, slår Ole Johan Sveen fast. Han er ein av trenarane i klubben, der han har vore volleyballtrenar i 31 år. To av dei som spelte på 17-årslaget i NM var 15-åringane Ole Alexander Sveen Kallevik og Arne Martin Helland. Dei har også blitt eit radarpar i sandvolleyball. Nyleg vann dei ei turnering i Bergen. Dei legg ned mykje trening i idretten sin.
— Det blir om lag sju timar i veka til saman, fortel dei. Helland har også vore med på landsslagssamling siste sesong.
Samarbeid med Haugesund
Sist sesong samarbeidde Sveio IL med Haugesund volleyballklybb, der Sveio-spelerane fekk lov til å spele seniorvolley for Haugesund i 2. divisjon. Men til hausten blir det truleg seniorlag i Sveio IL, for første gong.
— Me håpar å få det til, fortel Ole Johan Sveen. Arne Martin Helland er ein av spelarane som kryssar fingrane for at det blir ein realitet.
— Då slepp med å bruke så mykje tid på reising til og frå trening, seier han.
Sveio IL byter truleg volleykrets til hausten, frå Hordaland til Rogaland. Det er for å få kortare reiseavstand i seriespelet. Mange av kampane vil bli spelte på Haugalandet, der både Haugesund og Torvastad har lag i mange av klassane.
Ønskjer fleire spelarar
Som så mange andre aktivitetar har også volleyballen merka fråfall under pandemien, då det ikkje var mogeleg å få trene i lag. Då Vestavind nyleg var innom herretreninga, var det 12-13 spelarar på parketten. Før pandemien var dei godt over 20.
— Om det er nokon som les Vestavind og har lyst til å byrje med volleyball, så er det berre kjekt om dei kjem på trening. Her er alle velkomne, seier spelar og hjelpetrenar Markus Svartveit. Etter to års pandemipause ser det elles ut til at den tradisjonelle romjulscupen i volleyball i Sveio kjem tilbake i år, noko spelarane håpar kan bidra til ny rekruttering.