nyhende

Vurderer nedskriving av bustadlån i distrikta

Sp vurderer om folk i dei minst sentrale kommunane skal få nedskrive bustadlånet. Bustadgrepet vil også lette presset på Oslo, meiner Anne Beathe Tvinnereim.

Publisert Sist oppdatert
Medan prisane skyt i vêret i pressområda, slit folk på bygda med låne pengar til å byggje nytt eller renovere fordi bustaden har så låg pantetryggleik, påpeikar Senterparti-nestleiaren.

Ho meiner å ha funne ei felles løysing på problema – styrkje bustadtiltak i distrikta.

Eitt grep er at ein kan setje av ein pott – gjerne via Husbanken – som kan sørgje for at folk i avsidesliggjande strøk kan få nedskrive låna.

– Rett og slett som kompensasjon for at det er så dårleg verdi i bustadene, seier Tvinnereim til NTB.

Kva det vil koste, har Senterpartiet ikkje rekna på.

– Veldig urettferdig

No legg ho fram forslag til ein tiltakspakke for å styrkje bustadbygging i distrikta. Det meiner ho vil bremse tilveksten til Oslo, der det er venta at folketalet vil auke med 100.000 fram mot 2050. Samtidig vil det styrkje distrikta.

– Du nyt ikkje godt av den same typen verdistigning i desse kommunane som i sentrale strøk. Ein del stadar er det rett og slett ein stor risiko om du ønskjer å byggje, seier ho.

Bustadpakken inngår i utkastet til nytt prinsipp- og handlingsprogram som skal gjelde for stortingsperioden 2025–2029. Tvinnereim har leidd programarbeidet.

Spørsmål om korleis ein kan ta grep om også dei svake bustadmarknadane er temaet ho har fått flest førespurnader om medan ho har jobba med utkast til program, fortel ho.

– Mange snakkar om prispress i Oslo. Men når du først har komme inn på bustadmarknaden, så nyt du godt av ei kraftig verdistigning, seier ho, og meiner bustadmarknaden skapar ei kraftig urettferd:

– Om du arvar ein einebustad i Oslo, så har du skote gullfuglen. Arvar du eit hus på Leka eller i Sigdal, så kan det i verste fall ende med å koste deg meir enn du får tilbake, seier ho.

Tiltakspakke

I Sps programutkast, som blir lagt fram torsdag, blir desse tiltaka foreslåtte:

* Innføre ei ordning for nedskriving av bustadlån i dei minst sentrale kommunane (sentralitetsklasse fem og seks).

* Gi bankane høve til å utvise meir skjønn for å tilpasse eigenkapitalkravet i område med låg marknadsverdi på bustader.

* Prøve ut skattefritak for langtidsutleige av bustader i distrikta for å skape auka bustadtilgang i leigemarknaden

* Fornye Husbankens prosjekt «Boligetablering i distrikta» for å stimulere til ulike typar bustadar i kommunar med ein usikker bustadmarknad

* Styrke startlånsordninga for å hjelpe fleire til å eige eigen bustad.

Vil gjelde 209 småkommunar

Nedskriving av bustadlån skal gjelde kommunane i avsidesliggjande strøk. Det omfattar 209 kommunar med til saman 735.000 innbyggjarar.

Korleis ordninga med nedskriving skal fungere i praksis, må greiast ut først, medgir Tvinnereim. Det er ikkje klart kor mykje ein eventuelt skal få lånet nedskrive, kva slags kriterium som blir sette eller kor mykje ordninga i stort vil koste.

Tvinnereim er samtidig klar på at fråflytting frå distrikta er ein mega-trend. Bustadpolitikk er berre éi brikke.

– Skal vil klare å snu tilflytting til sentrale strøk, må vi angripe det frå mange sider samtidig. Men dette er viktig for folk fordi det i dag er nesten umogleg i å investere i å byggje nytt eller renovere bygg som står der, seier ho.

Powered by Labrador CMS