Fleire har funne fram julelysa i vintermørket. Nokon strekkjer seg endå litt lenger for å lyse opp med nissar, reinsdyr og anna LED-belysning.FOTO: NPK
— Viss ein skal gå i detalj, så bruker ikkje julebelysninga veldig mykje straum
Sjølv om det tysdag blir sett rekordar på straumprisane fleire stader i landet, er det ikkje mange kronene å spare på julebelysninga.
– Det er vanskeleg å seie noko om korleis straumprisane blir framover, men mykje tyder på at dei vil gå nedover igjen, då det er meldt varmare temperaturar utover veka, seier kraftanalytikar Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy til NTB.
Tysdag vil straumprisen mellom klokka 17 og 18 liggje på over 7 kroner per kilowattime (kWh) i Søraust- Vest-, Sørvest-Noreg, medan det i Nord-Noreg vil setjast ny rekord med ein snittpris på 3,22 per kWh.
Julelysene kan haldast tent
Rønningen meiner likevel ikkje at dei høge prisane bør leggje ein dempar på adventstida.
– Viss ein skal gå i detalj, så bruker ikkje julebelysninga veldig mykje straum. Eg håpar ikkje at dei høge prisane har bidrege til å ta frå folk all julestemning, seier analytikaren.
Han seier vidare at han har lese om fleire ulike tiltak som folk gjer for å kunne spare pengar.
– Det verkar som om det har gått sport i å spare pengar. Framleis er det store prisforskjellar mellom dagen og natta, der er det berre fantasien som set grenser, men det å skru av julebelysninga sparer ein ikkje store summane på.
Lågast pris i nord
Ein kilowattime svarer til straumbruk på éin kilowatt i éin time. Ein dusj på ti minutt bruker i snitt rundt 4,5 kWh, men det avheng av temperatur og kor mykje vatn dusjhovudet leverer.
Den lågaste kWh-prisen tysdag blir mellom klokka 1 og 2 på natta i Nord-Noreg, då på 84,5 øre. Prisen per kWh blir på sitt lågaste i Søraust-, Sørvest- og Vest-Noreg 2,83 kroner og Midt-Noreg 2,56 kroner.