nyhende

Full fres under julehandelen på Karl Johan i Oslo i fjor. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Full fres under julehandelen på Karl Johan i Oslo i fjor.

Virke-anslag: Julehandel for 139 milliardar kroner

I snitt vil norske hushald bruke nær 25.000 kroner på årets julehandel, ifølgje eit anslag Virke har laga.

Publisert Sist oppdatert

– Desember er den store handlemånaden der nordmenn skal kjøpe inn mat, gåver pynt og klede til jul. Det er også den viktigaste månaden for butikkane, seier administrerande direktør Bernt G. Apeland i Virke.

Fleire av medlemmene deira er butikkar, og dei har no laga eit anslag for korleis julehandelen i år vil ende. Tala er baserte på analysar frå Virke, SSB og DNB.

Lønnsvekst og meir stabil økonomi

Virke reknar med at nordmenn vil handle for 71,4 milliardar kroner i desember åleine. Tek ein med november òg, blir totalsummen på 138,7 milliardar kroner.

Det svarer til 24.900 kroner per hushald.

– Høgare lønnsvekst og meir stabil økonomi gjer folk meir optimistiske og villige til å bruke pengar i år, seier Apeland.

Høgtid for tre bransjar

Julehandelen er spesielt viktig for enkelte bransjar, som leikebutikkar, gullsmedar og bokhandlarar, påpeikar Virke. Leikebutikkane vil omsetje tre gonger så mykje i desember som dei andre månadene i år, ifølgje anslaget, medan gullsmedar og bokhandlarar er venta å få ein auke på 2,5 gonger.

Mat og drikke er venta å utgjere 42 prosent av den totale julehandelsomsetninga, som inkluderer daglegvarekjedene, Vinmonopolet og mindre utsal.

– Også netthandelen held fram med å vekse. Virke ventar at netthandelen i november og desember vil nå 31 milliardar kroner, ein auke på 6 prosent frå fjoråret, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Virke har over 25.000 bedrifter som medlemmer og vart grunnlagd i 1990 av handelsorganisasjonane i Noreg.

Powered by Labrador CMS