nyhende

Bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS får prisen Årets nynorskbrukar 2025 for bruk av nynorsk i programvarene sine. Foto: Stø AS /Vipps Mobilepay AS
Bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS får prisen Årets nynorskbrukar 2025 for bruk av nynorsk i programvarene sine.

Vipps og Stø er Årets nynorskbrukar 2025

Selskapa får prisen frå Nynorsk kultursentrum for bruk av nynorsk i programvarer som er ein vesentleg del av den norske infrastrukturen.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år deler styret i Nynorsk kultursentrum ut prisen «Årets nynorskbrukar» til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

I år går prisen til bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS, for bruk av nynorsk i programvarer som har blitt ein vesentleg del av den norske infrastrukturen.

Vipps og BankID har høvesvis 4,4 og 4,5 millionar brukarar. Vipps blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 12. mai 2024, medan BankID blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 23. november 2023.

– BankID er for heile befolkninga og det var difor heilt naturleg å gjere tenesta tilgjengeleg på nynorsk. Vi er særs glade for å få denne prisen, seier administrerande direktør for Stø AS, Øyvind Westby Brekke, i ei pressemelding.

– Denne prisen er vi veldig, veldig glade for å få! Å lansere Vipps på nynorsk var noko av det kjekkaste vi gjorde i fjor. Vipps har etter kvart blitt ein kompleks app som rommar over 5.000 tekstar, som betyr at vi må halde nynorsken ved like kvar gong vi gjer endringar. På den måten er kvar dag ein nynorskdag hos oss. Det er triveleg, seier Lars Tore Skau og Ida Nicoline Glosimot i Vipps.

Saman med prisen følgjer ei pengegåve på 100.000 kroner. Selskapa har saman avgjort at desse pengane blir donerte til Noregs Mållag, øyremerkt arbeidet deira for meir digital nynorsk.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS