nyhende

Vinnarar i fotokonkurranse

Sveio har kåra tre vinnarar i kommunen sin fotokonkurranse. Kvar av dei får eit gåvekort på 500 kroner i premie.

Publisert Sist oppdatert

Vinnarane er Marina Bernotiene, Jason Mckiernan og Aud M. Strømmen. Alle er busette i Sveio.

Rådgjevar Kristine Rossehaug i Sveio kommune er strålande nøgd med at det kom inn 141 bilde i konkurransen.

– Det var mange flotte motiv og ei vanskeleg oppgåve å finna fram til dei beste, fortel ho.

Ho har sjølv vore med i juryen på fem personar som til slutt plukka ut dei tre vinnarane. I utvalsprosessen har dei lagt vekt på at vinnarbilda skal brukast som framside bilde på kommunen si nettside. Kommunen har elles sikra seg rett til å bruka alle dei innsende bilda i ein eller annan samanheng. Ved bruk vil fotografane bli krediterte for dette.

Bidraga kom både frå sveibuar og andre. Vilkåret for å delta i konkurransen var at motiva skulle vera frå Sveio.

Powered by Labrador CMS