nyhende

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) vert deira ordførarkandidat.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) vert deira ordførarkandidat.

Vinmonopol, meir breiband og gebyrauke vedteke

Det var mykje som skulle handsamast på årets siste kommunestyremøte på måndag kveld.Her er ei kort summering av sakene utanom budsjettet.

Publisert Sist oppdatert

Ein heil rekke saker vart vedteke på måndagens kommunestyre. Viktigast var kommunen sitt budsjett for 2023.

Her er dei andre sakene kort oppsummert.

1. Meir utbygging av breiband
Sveio kommune løyver 2.850 000 kroner frå unytta driftsfond, og får samstundes 8.550.000 kroner frå Vestland Fylkeskommune. Områda som dei ser på er Nordskog, Grimstvedt, Færås, Rossehaug, og Håvardsholm, Bjørga og Buvika.

— Det er ei himla gladsak, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP).

Ho fekk lagt til eit punkt som vart røysta inn, der 50 prosent av dei fastbuande må ha teikna abonnement på breiband før det byggjast ut.

Der det er merka med blått er områda det kan kome breiband.GRAFIKK: SKJERMDUMP FRÅ SVEIO KOMMUNE

2. Endring selskapsavtale Karmsund Hamn IKS – luftfart

Selskapsavtala til Karmsund Hamn IKS vert godkjent endra av Sveio kommune, som er ein av medeigarane. Endringane er fleire, men her er mogelegvis dei viktigaste:

A) Karmsund Hamn IKS kan no ha eigerskap direkte eller indirekte i selskap som er operatør for Haugesund lufthamn Karmøy.

B) Sveio kommune forpliktar seg til å kompensera Karmsund Havn IKS for eit eventuelt økonomisk tap i ei vidare eksponering i Lufthavndrift AS, eit under-selskap. Kompensasjonen vert 3,85 prosent (eigerandelen til Sveio) av 12 millionar kroner. 462 000 kroner vert løyva frå disposisjonsfondet til Sveio.

3. Lån til Karmsund Lufthamn Invest AS
Sveio kommune gjev lån på 969. 000 kroner til Karmsund Lufthamn Invest AS. Lånet vert gjeve utan sikkerheit, og pengane kjem frå kommunen sitt disposisjonsfond. Årsaka er, ifølgje saksdokumenta, at Karmsund Lufthamn Invest AS treng finansielt handlingsrom til å finna ein forsvarleg modell for finansiering av kapitaltrongen på 20 millionar kroner i Lufthavndrift AS.

4. Nytt tidspunkt for politiske møtar.
Delar av hausten og vinteren har Sveio prøvd å halde formannskap og kommunestyremøter klokka 17. Tidlegare enn klokka 18 som har vore vanleg. No går dei tilbake til klokka 18, og møtane skal vere på måndagar eller tysdagar.

5. Antal medlemar i Sveio kommunestyre frå 2023 – 2027
Dagens antal med 25 medlemar behaldast. Lågast mogeleg representantar for ein kommune med Sveio sin befolkning er 19.

6. Prioritert handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2023.
Ein liste over både idrett- og nærmiljøanlegg meint for bruk av innbyggjarar, til dømes sport, organisert idrett eller sosiale aktivitetar. Lista vert sendt til Vestland Fylkeskommune som bestem om dei løyver pengar til prosjekta.
Les meir og sjå lista her

7. Lån til Sveio Golfpark AS for å kjøpe Eagle-bygget frå Sveio kommune.
Sveio kommune lånar 2.460 000 kroner til Sveio Golfpark AS, slik at dei kan kjøpe Eagle-bygget frå kommunen. Eagle-bygget skal renoverast og på sikt bli eit overnattingstilbod. Kommunen har førsterett på kjøp til tilsvarande pris, om Sveio Golfpark ynskjer å selje Eagle-bygget.

8. Flyktningar 2023
Sveio kan ta i mot inntil 30 flyktningar, samt eventuelle familie-gjenforeningar. Sveio vedtok å ta i mot 35 flyktningar i 2022.

9. Ny bompengepakke Haugalandet
Sveio støttar etablering av bypakke i Haugesund, utan å vere deltakar sjølv. Samstundes gjev Sveio beskjed om at kommunen ynskjer fylkesveg 47 prioritert høgt i bypakka, då strekninga Førland – Ekrene. Sveio vedtek å vurdere ein mogeleg bompengepakke for fv 47 i Sveio på eit seinare tidspunkt.

10. Vinmonopolet får salsløyve i Sveio.
November 2022 vedtok styret i Vinmonopolet å opprette ein butikk i Sveio, og dei leitar no etter lokale. Sveio kommunestyre vedtek å gje Vinmonopolet løyve til å selje alkohol i Sveio.
Les meir her

— Det er ein bra sak, sa ordførar Linn Therese Erve (Ap) då forslaget vart røysta fram.

11. 100 000 kroner til Sveio ungdomsråd.
Kommunen løyver summen til ungdomsrådet, som skal nytte pengane til eit konkret prosjekt. Føremålet er å auka aktiviteten for unge.

12. Utbetring og oppgradering av uteområdet ved Førde skule.
Kommunen vedtek forslaget om utbetring, som dei håpar står klar til skulestart august 2023.
Les meir her

13. Kommunale gebyr aukar.
Som tidlegare varsla vil gebyra auke i 2023. Dette er grunna kostnadsauke for kommunen, og at mykje av drifta styrast av sjølvkost. Auka vil variere frå område til område.
Les meir her

14. Områdereguleringsplan for Ekrene Vest
Rådmannen føreslo eigentleg å setje utviklinga av Ekrene Vest på pause inntil Rophusvegen vart utbetra. Dette vart endra i eit felles framlegg av Sveio Ap, Sveio FrP, Sveio H, Sveio Sp, Sveio SV, Sveio MdG og dei uavhengige. No skal arbeidet med «Områdereguleringsplan for Ekrene Vest» halde fram og gjerast ferdig så snart som mogeleg. Det såkalla «justert alternativ 1» vert lagt til grunn i vidare for å sikra adkomst til Rophusfeltet.

Fleire grunneigarar møtte opp for å sjå voteringa. Til Vestavind seier ein grunneigar at dei er nøgd med det nye forslaget og spent på kva som skjer vidare.

15. Energidrikk og «vape» vert forbode på ungdomsskulen.
I praksis har det ikkje vore tillat med energidrikk på ungdomstrinnet i fleire år, men no vert det offisielt lagt inn i skulens ordensreglement.

16. Områderegulering Fv 47 Fagerheim – Ekrene
Rådmannen skal arbeide med omregulering til eit moderne og kosteffektivt kryss på Ekrene. Hensikta er eit kryss tilpassa trafikkbiletet på Ekrene i framtida, og vidare utvikling av området.

17. Kommuneplan for førebyggjande arbeid.
Kommunen vedtek plan retta mot barn og unge, for å førebygge at dei utsettast for omsorgssvikt. Vedteke i samanheng med ny barnevernlov frå Stortinget i 2021.

18. Strategisk næringsplan 2022 – 2027
Kommunen vedtek planen som vart sendt ut på høyring 1. juli, men legg til at det må vurderast å setje av areal for ny, eller utviding av kai og hamneanlegg, samt landbasert oppdrett.

Powered by Labrador CMS