nyhende

Vind og snø måndag kveld – så blir det mildvêr

Skal du ut og køyre måndag kveld? Med vindvarsel på opptil liten kuling og mogelegheit for snø, kan det bli krevjande køyreforhold frå Haugalandet og sørover måndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

NPK-NTB/VESTAVIND: Det blir nok ikkje Sveio som får det verste vêret, men det ligg an til både påfyll med litt snø, og noko vind frå søraust i kommunen frå måndag ettermiddag.

Yr.no viser varsel om vind frå søraust med opptil 14 sekundmeter i kasta frå 17-tida måndag.

Vinden skal roe seg utover natta.

Kan bli vanskelege køyreforhold

Ved 12-tida måndag blæs det allereie godt mange stader Agder og Rogaland. I kveld kjem det òg snø og sludd.

— Skal du ut på vegane kan det vera lurt sjekka vegmeldingane, skriv Meteorologane på Twitter måndag ettermiddag.

Slik såg det ut i Sveio sentrum ved 14-tida måndag.

Tysdag og onsdag meldast det stort sett om opphaldsvær, men overskya i Sveio.

Mildt og regn nyttårsaftan

Etter ein periode med låge temperaturar i heile landet, har Sør-Noreg mildvêr i vente, ifølgje meteorologen.

Men alle som har drøymt om fint fyrvekeri-vêr i Sveio nyttårsaftan vil truleg bli skuffe. 8 plussgrader og inntil fem millimeter nedbør i form av regn står førebels på menykartet til yr.no

Det var greit føre på E39 nord for Førde i Sveio ved 14-tida måndag.

– Lenger sør i Europa er det høge temperaturar no. I London er det til dømes meldt 15 plussgrader dei neste dagane. Mot nyttår vil det mildvêret etablere seg langs kysten av Sør-Noreg og bevege seg vidare nordover, seier vakthavande meteorolog Magnus Ovhed ved Meteorologisk institutt til NPK.

I Nord-Noreg vil likevel temperaturane halde seg låge.

Måndag er det òg fare for snøskred fleire stader. Det er oransje farevarsel for snøskred i Trollheimen, i Romsdal og på Sunnmøre, medan det er gult farevarsel i ei rekkje andre område.

Powered by Labrador CMS