nyhende
Viltpåkøyrsel utløyste airbag
— Det hende rundt klokka 22.45, seier Andre Skram Hansen, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.
Nokre kilometer sør for Bømlafjordtunellen på E39 fekk ein sjåfør ei svært ubehageleg oppleving. Det politiet trur var ein hjort skal ha vore ute i vegen, og bilen rakk ikkje å stansa før det var for seint.
— Heldigvis var det ikkje personskade, og det er bra, seier Skram Hansen.
Men korkje dyr eller bil kom like godt fra det.
Annonse
— Hjorten døydde, og det var noko materielle skadar på bilen. Airbagen vart utløyst, seier Skram Hansen.