nyhende
Viltjakta er i gong
I dag er nærmast ein merkedag for mange jegerar – haustjakta har opna, først ut på lista over vilt ein kan fella er rådyrbukk.
Rådyr ferdast gjerne nær oss. Fine å sjå på, men kanskje litt vel nærgåande i enkelte tilfelle,
spesielt når dei også er interesserte i det som veks i hagen. No lev dei litt utrygt, for 10. august går startskotet for jakta på hann-dyra, frå 25. september er det også tillate å fella vaksne hodyr.
I fjor vart det 74 rådyr i Sveio, blant dei 42 bukkar.
Rådyr blir ikkje jakta like mykje på som på hjort, derfor blir det variasjonar i fellingsresultat frå år til år. I 2018 var det registrert 20 fleire dyr – dette er variasjonar som ein er van med, opplyser Dagfinn Bjørge, viltansvarleg i Sveio kommune .
Det er 40 vald som driv med storviltjakt her i kommunen, inndelte i fleire jaktfelt.
– For mange jegerar er det nok hjortejakta som er den «store» jakta, fortel Bjørge.
I fjor vart det felt 162 hjortar, 12 fleire enn i 2018.
Jakttider:
Rådyrbukk: 10. august – 23. desember
Rådyr: 25. september – 23. desember
Hjort: 1. september – 23. desember