nyhende

Ernst IngebrigtsenSveio genserSveiogenser
Ernst Ingebrigtsen tok i mot kompliment etter kompliment då han gjekk kledd i genseren strikka av kona hans.

Ville ta bilete med han grunna genseren

Ernst Ingebrigtsen skulle berre en tur på butikken, men genseren han hadde på seg gjorde at fleire stoppa han og ville slå av ein prat. – Mange synest den var fin, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Han kjem opphaveleg frå Haugesund, men då Ernst Ingebrigtsen for over eit halvt hundreår sidan møtte ei jente frå Tjernagel, då var det gjort.

– Eg flytta til Sveio for 51 år sidan, me bur på Tjernagel, seier han.

For 19 år sidan fekk han ei bursdagsgåve av kona si, ein Sveio-genser. Kona driv systue og lagar bunadar. Ho laga den så fin at då Ingebrigtsen gjekk på butikken førre veke vart han stoppa av fleire.

Kommunevåpen og Ryvarden

– Eg gjekk med den på senteret, og då kom mange bort og sa den var fin, seier han.

Nokon synest mønsteret på genseren var så flott at dei faktisk spurde om dei kunne foreviga augeblikket.

– Dei ville ha eit bilete saman med meg, seier Ingebrigtsen.

– Kva bygg er det på genseren?

– Det er Ryvarden, svarar han.

Snart bryllaupsdag

Fleire av dei som snakka med han oppmoda han om å gå til avisa, kor han har vore abonnent i 15 år.

– Men eg har enno ikkje vunne kaka, humrar Ingebrigtsen.

Han vart med Vestavind og tok nokre bilete i Sveiobygda, mellom anna i nærleiken av kyrkja.

– Det var der me gifta oss. Me har faktisk bryllaupsdag den 29. januar, seier Ingebrigtsen.

Powered by Labrador CMS