nyhende
Vilde (14) er teken ut til talentleir
Vilde Iren Vihovde Remøy Bertelsen spelar vanlegvis for Avaldsnes jenter 17. No er ho teken ut til talentleir der ho skal spela på skuggelandslaget i klassen jenter 15. — Eg har klart å nå målet mitt, seier Bertelsen.
— Det følast bra, eg har venta skikkeleg lenge, seier fotballtalentet frå Sveio.
Gladmeldinga kom som ei overrasking, og det var først bokstavelig talt ikkje til å tru.
Gledestårer
— Eg fekk først vita det av ei venninne. Eigentleg trudde eg ikkje på ho, og at ho berre tulla, men så fekk eg ein telefon frå mamma, seier Bertelsen.
Då vart ho og familien så lukkeleg at det rann over for ei av dei.
— Mamma byrja å gråta av glede, humrar Bertelsen.
Frå 23. til 26. mars skal ho til Sarpsborg på talentleir for unge fotballspelarar.
Fotball sidan barndomen
Bertelsen er teken ut til det såkalla skuggelandslaget for jenter 15, og skal spela minst to kampar mot landslaget jenter 15.
Sveibuen frå Rophus fortel at vegen som leia ho til talentleiren byrja for mange år sidan.
— Kor lenge har du halde på med fotball?
— Heilt sidan første klasse, men eg har alltid vore interessert i det, seier Bertelsen.
Ho er ei del av Rogaland Krets si toppgruppe, så at ho er flink var det frå før av ikkje tvil om.
Bertelsen er faktisk ikkje den einaste sveibuen på laget hennar Avaldsnes.
Emilie Kvalvågnes Gudal og Emma Katla er også spelarar der.
Spiss og kant
Bertelsen har vener som har vore på talentleiar tidlegare, så ho har ei formeining om kva som skal skje. Likevel er det svært spanande.
— Eg gler meg ganske mykje, seier ho.
På banen spelar ho mest spiss, men hjå hennar noverande klubb er ho stadig meir i rolla som kantspelar.
— Eg er spiss eller kant for jenter 17, og for rekruttlaget deira, seier Bertelsen.
Tidlegare har ho også spela for Vard.
Vil spela på landslaget
I kvardagen går ho på Haugesund Toppidrettsgymnas, og reknar seg sjølv som Arsenal-supporter.
Fotball er den store draumen hennar, og på sikt ynskjer ho å nå eit høgt mål.
— Eg vil spela på landslaget, så eg satsar på det, seier Bertelsen.
— Har du noko fotballidol?
— Heilt sidan eg var liten har eg sett opp til Ada Hegerberg, og vil bli som ho, seier Bertelsen.