nyhende

Næringsminister Jan Christian Vestre vil be Konkurransetilsynet om å sjå på prisvarslinga til daglegvareaktørane i media. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Næringsminister Jan Christian Vestre vil be Konkurransetilsynet om å sjå på prisvarslinga til daglegvareaktørane i media.

Vil vite kven som skummar fløten i matvarebransjen

Daglegvareaktørane har den siste tida varsla i media at prisane vil auke framover. No får dei kritikk frå næringsminister Jan Christian Vestre.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: – Det er urovekkjande at aktørar i marknaden gjennom media varslar om prisaukar og endringar før dei skjer. Det er ei verdikjede som vi veit er prega av for lite konkurranse, og det at aktørane då nærast informerer kvarandre om kva prisaukane vil bli gjennom media, kan vere svært skadeleg for konkurransen, seier Jan Christian Vestre (Ap).

– Det kan til og med grense til ulovleg prissamarbeid, seier Vestre på ein pressekonferanse etter at han og landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) torsdag hadde eit møte med daglegvareaktørane.

Næringsministeren seier at han no vil be Konkurransetilsynet om å sjå på utsegnene frå daglegvareaktørane i media rundt dette for å vurdere det.

Vil vite kvar marginane blir av

På pressekonferansen varsla han også to andre tiltak.

Regjeringa vil gjennomføre ein studie av kvar marginane i verdikjeda i daglegvaremarknaden blir av.

– Når vi ser at prisen til dømes på mjølk aukar vesentleg meir til forbrukarane enn dei gjer frå produsent, så meiner vi at det er på sin plass å stille spørsmål om kvar marginane hamnar, seier Vestre.

Set i gang utgreiing

I tillegg vil regjeringa gjennomføre ei utgreiing av korleis prisdanninga i daglegvaremarknaden skjer. Daglegvarekjedene forhandlar med produsentane om innkjøp og innkjøpsprisar to gonger i året, med prisvindauge 1. februar og 1. juli.

Vestre peikar på at det er relativt få aktørar og eit relativt stivbeint forhandlingssystem, og at det går føre seg signalisering i media før prisvindauga oppstår.

– Det kan bidra til at norske forbrukarar betaler meir for matvarene enn det som er nødvendig, seier han.

Vestre seier at målet er å auke mangfaldet og få ned prisane i daglegvaremarknaden.

– Vi vil bidra til at matvareprisane ikkje aukar 10 øre meir enn nødvendig, seier han.

vaktsjef@ntb.no

Bilete: VptWVV3_8zs

Powered by Labrador CMS