nyhende
— Vil visa dagens barn korleis barna hadde det før
Nyleg fekk ordførar Linn Therese Erve (Ap) opna ei utstilling på Sunnhordland museum. Det skuldast at forfattar Einar Økland ivrig har samla på kommersielle teikningar og emballasje i fleire tiår.
Det var ikkje han sin idé, men Einar Økland synest det var veldig greit likevel.
Fleire frå Sunnhordland museum kom innom å kikka på samling hans, som innheld alle slag kommersielle teikningar, emballasje og samlekort frå fleire tiår tilbake i tid.
Så vart det ei eiga utstilling om skrift- og biletkultur i det moderne Noreg på 1900-talet.
— Dei har vore her og henta ting. Eg er berre ein råvareleverandør sånn sett, humrar Økland.
Glansbilete frå fortida
Han fortel dei var kjekke folk, og er nøgd med at mykje av det han har samla skal visast hjå Sunnhordland Museum.
På sjølve opninga var det også ein anna nøgd sveibu til stades, ordførar Linn Therese Erve (Ap).
— Eg tenkjer det er ein viktig del av norsk kulturhistorie. Eg gav museet ros for å stilla ut dette frå Einar Økland og historia. Det er jo ei skattekiste, som han har brukt 40 år av livet sitt på å samla, seier Erve.
Ho fekk æra av å opna utstillinga, og fortel at det er svært mykje forskjelleg ein kan sjå.
— Det er forskjellege trykksaker, samlekort, postkort, julepostkort, reklameartiklar, gamle spel, eit gamalt monopol, annonser, illustrasjonar og emballasjar. Dette er berre dømer på kva han har samla på. Og ein del glansbilete faktisk, seier ho.
— Kva synest du sjølv om utstillinga?
— Eg kjente meg igjen og vart trekt tilbake til barndomen då eg samla på glansbilete. Det gav meg masse gode minne, svarar Erve.
Meir enn trivialkunst
For Økland sjølv handlar det om å forstå tida han har levd i, og kva som kom før han.
— Kvifor har du eigentleg samla på dette gjennom så mange år?
— Stort sett fordi eg visste for lite om det sjølv. Og skal ein vita noko om det, så må ein ha det framfor seg. Eg er oppteken av kvardagen til dei som veks opp, og den var sterkt påverka av teiknarar, emballasjeskaparar og reklamefolk, seier Økland.
Før i tida hadde barn ikkje mange leikar og liknande, så då samla ein gjerne på boksar og teikningar frå produkt som foreldra kjøpte. I ein del tilfelle følgde eit samlekort med, til dømes med kaffi.
— Mykje av det barn samla på visste dei ikkje at var reklameting. I England hadde dei dette på sigarettpakkene, men i Noreg var det meir kaffi. Dette hjelpte nok på salet av kaffi, seier Økland.
Han understrekar at kreative verk som reklame, teikningar og liknande, ofte vert sett på som mindre kunstnerisk. Der er han ikkje heilt samd.
— Alt dette vart kalla for trivialkunst, men sanninga er at fleire store artistar byrja sine karrierer med slike oppdrag, å teikna for produkt, seier Økland.
Heng litt etter
Å verta heidra er ikkje så viktig fortel han. Den største gleda er at folk får sjå utstillinga.
— Det er kjekt at nokon bryr seg. Dei vil visa dagens barn korleis barna hadde det før. Eg synest dei har vore flinke, seier Økland.
Han meiner Noreg heng litt etter liknande land når det kjem til å dokumentera denne delen av kulturhistoria vår.
— I Tyskland og England byrja dei med dette på 1970-talet. Det byrjar jo å bli eit halvt hundreår sidan. Der kan ein søka på nettet og finne fram til gamle saker og produkt, seier Økland.