Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Vil vidareutvikla populære friluftsområde
Ny turveg til Leirvåg. Flytebrygger på Slettene. Restaurering av bøkkerverkstaden i Selsåsvika. Dette er nokre av framtidsplanane Friluftsrådet Vest har for friområda sine i Sveio, fortel dagleg leiar Oddvin Øvernes.
I Holsvika ved Tittelsnes er det gjort omfattande oppgraderingar dei siste åra. Seinast i fjor haust blei det sett opp nytt toalett, som er fullt operativt frå og med denne sesongen. Friområda blir mykje brukte både av lokalbefolkninga og tilreisande – vegfarande så vel som sjøfarande – fortel Øvernes.
Turveg til Leirvåg
Framtidsplanane er mest konkrete når det gjeld turveg til Leirvåg ved Bømlafjorden, sørvest for Valevåg. Her er det gjort avtale med ein lokal grunneigar sør for friområdet om grunn til parkeringsplass og 700-800 meter veg av skogsvegstandard fram til Leirvåg. Miljøverndirektoratet har løyvd ein del pengar til prosjektet, men Øvernes trur dei enno manglar rundt 300.000 kroner før finansieringa er på plass.
Leirvåg er kan hende mest kjent gjennom Fartein Valen sin komposisjon «Kirkegården ved havet» og kolerakyrkjegarden som dette musikkverket har fått namnet sitt frå. Staden er i dag det minst tilgjengelege av friområda i Sveio. Over land går det ein tursti frå båthamna ved Nappen. For å koma dit må ein ta av frå E39 og inn på vegen til Vassli like nord for Valestrand kyrkje. Etter kort tid kjem eit nytt kryss der ein må ta til høgre mot Nappen.
Leirvåg er lett tilgjengeleg frå sjøen, men hamneforholda er dårlege, og friluftsrådet har ingen planar om anlegg av brygge på denne staden. På fine dagar er det likevel mogleg å leggja til og nyta både den spektakulære utsikten og ikkje minst solnedgangen frå svaberga ved Leirvåg.
Behov for fleire brygger
I motsetnad til Leirvåg er hamneforholda svært gode på Slettene friområde litt lenger sør ved Bømlafjorden. Området ligg til Lambeidvågen i Auklandshamn, like vest for innløpet til Førdespollen. Mange båtturistar stoppar for overnatting ved brygga i dette friområdet.
I tillegg er Slettene populært blant dei som bur i området, så det kan til tider bli trangt om plassen. Utviding av bryggekapasiteten står derfor på planen, og Øvernes fortel at dei har tilgang på flytebrygger som det kan bli aktuelt å leggja ut på Slettene.
Friområdet er også tilgjengeleg over land, men det er kronglete å finna fram, og parkeringsforholda er heller ikkje gode nok. Her håpar Øvernes at dei med tida skal få betra forholda.
Selsåsvika
Saman med Holsvika er Selsåsvika ved Ålfjorden det eldste av friområda i Sveio. Dei blei opparbeidde samstundes på slutten av 1980-talet. Selsåsvika ligg tvers overfor Vikebygd og i kort avstand til Førde. Staden blir særleg mykje brukt av lokalbefolkninga.
Blant brukarane er også skuleklassar og andre grupper. Selsåsvika har fin sandstrand og parkering til om lag 25 bilar. Det finst også brygge og båtfeste på staden, men det er berre til bruk i fint vêr, konstaterer Øvernes.
Dette siste var lett å forstå då me besøkte friområdet ein maidag med kraftig austavind.
Tar vare på historia
Selsåsvika er ikkje berre eit turmål med fin badestrand, staden har også ei interessant historie som friluftsrådet freistar å ta vare på. Sjølv om Øvernes nemner at kulturminnevern strengt tatt er utanfor deira arbeidsfelt.
Like fullt har dei starta opp med restaurering av den gamle bøkkerverkstaden i utkanten av området. Arbeidet har stoppa opp på grunn av pengemangel, men Øvernes håpar at arbeidet med tida kan fullførast i samarbeid med kommunen og andre.
I bøkkerverkstaden blei det på 1800-talet produsert tønner til dei store sildefiskeria langs kysten av Sunnhordland og Nord-Rogaland. Andre høgda blei også nytta til overnattingsstad for arbeidsfolk som var med på bygginga av fleire store seglskuter nettopp i Selsåsvika. Når det gjeld den delen av historia, viser Øvernes til Ernst Arne Sælevik si bok «Trefartøy bygde ved Ålfjorden, Bjoafjorden, Ølensfjorden og Romsa frå 1806 til 2018». Boka kom ut i 2019, og Sælevik har eit heilt kapittel om Selsåsvika og båtbyggjar Sigjørn Knudsen Birkeland (1821-1899).
Birkeland kom frå Flekkefjord og skaffa seg kunnskap om båtbygging i Bergen. Han sto for bygging av i alle fall tre skuter i Selsåsvika: Briggen «Deodata» i 1855, barken «Hans Egede» i 1856 og fangstskuta «Isbjørnen» i 1858. Forfattaren fortel også at det blei bygt eit fartøy til i Selsåsvika i 1859, men nemner ikkje namn og er usikker på om Birkeland hadde ansvaret for det bygget.
Båtbygginga i Selsåsvika skaffa arbeid til skogeigarane i området og sagbruket på Røyknes. Verksemda gav også grunnlag for krambu på staden, fortel Sælevik.
Holsvika
Holsvika ligg også til Ålfjorden, ved vegen til Bjørgjo ikkje langt frå Tittelsnes. Staden har gjennomgått fleire oppgraderingar dei siste åra, med fin badestrand og flotte murar, veg og parkeringsplass. Toalettanlegget er, som nemnt heilt nytt.
Både bubil- og båtturistar finn vegen til Holsvika, der det også er lett å finna plass til telt. Frå friluftsområdet går det tursti opp til Trodlavassnipen, som er det høgaste fjellet i Sveio med sine 432 meter. Frå området er det god utsikt til Kvinnheradfjella, og båtturistane har herfrå kort veg til andre kystperler, ikkje minst friluftsområdet Romsa med gode hamneforhold og mykje å sjå og oppleva. Utbjoa med sine runefelt og andre fortidsminne ligg heller ikkje langt unna. Det same gjeld Fjelberg.
Av framtidige planar for Holsvika nemner Øvernes mellom anna vidareføring av stien langs sjøen.