nyhende
Vil utsetja skjenking 17. mai
Hovudutvala for oppvekst og kultur og for helse og omsorg skal 21. mai begge behandla forslag til ruspolitisk handlingsplan og alkoholpolitiske retningslinjer for 2024-2028.
Forslaget frå rådmannen er i stor grad å vidareføra handlingsplanen og retningslinjene frå inneverande periode. Men rådmannen foreslår også nokre endringar, mellom anna etter innspel frå fråhaldsorganisasjonen IOGT.
Medhald og motbør
IOGT var åleine om å koma med innspel då planen var ute på høyring. Høyringssvaret inneheld fem punkt:
- Skjenketidene bør reduserast til normaltidene etter alkohollova.
- Skjenking bør ikkje skje i idrettshallar/fleirbruksanlegg.
- Skjenking bør utsetjast til kl. 16.00 på nasjonaldagen.
- Alkoholsal bør ikkje vera tillate på julaftan.
- Løyvehavarar bør søkja på nytt kvart fjerde år.
Rådmannen støttar forslaget om å utsetja skjenking på nasjonaldagen til kl. 16.00, og vil også forby alkoholsal i daglegvarebutikkane på julaftan, i tillegg til 1. og 17. mai då det også tidlegare har vore forbode.
Aukar gebyrsatsane
Elles foreslår rådmannen endra gebyrsatsane ved søknad om skjenkeløyve. Desse satsane har ikkje vore endra på 20 år. No foreslår rådmannen følgjande endringar:
- Frå 200 til 700 kroner for arrangement med inntil 100 deltakarar.
- Frå 500 til 1.500 kroner for arrangement med inntil 500 deltakarar.
- Frå 1.000 til 3.000 kroner for arrangement med meir enn 500 deltakarar.
Denne saka går vidare til formannskapet og kommunestyret.