nyhende

Dette er kvinnene som no jobbar med reparasjon av sportstøy i Tøye. Ei produksjonslinje er bygd opp på Næringsfabrikken i Sykkylven. Frå venstre Eva Langstein, Elin Hansen, Jorunn Dahle og Zhanna Lukianenko. Foto: Privat
Dette er kvinnene som no jobbar med reparasjon av sportstøy i Tøye. Ei produksjonslinje er bygd opp på Næringsfabrikken i Sykkylven. Frå venstre Eva Langstein, Elin Hansen, Jorunn Dahle og Zhanna Lukianenko.

Vil tøye levetida til sportsklede

For å forlengje levetida til sportsklede og redusere avfallsmengda ved å reparere i staden for å kaste, er eit prosjekt for industriell reparasjon i gang på Møre. Håpet er å få til eit nasjonalt reparasjonssenter på sikt.

Publisert Sist oppdatert

Initiativtakar er Eva Langstein, som i tillegg til å eige Tomra Konfeksjon i Tomrefjord også driv ein sportsbutikk på Vestnes.

– Dette med reparasjon og auka fokus på berekraft har svirra rundt i tankane mine dei siste to-tre åra, før eg bestemte meg for å gå vidare med det, seier Eva Langstein. Ho kjenner seg sikker på at det er mogleg å få til lønnsam drift.

Pilotprosjektet har fått namnet «Tøye». Tomra Konfesjon har jobba med det i rundt eitt og eit halvt år og per i dag tek dei inn sportsklede til reparasjon som folk har levert til vurdering i 20 Sport1- og Intersport-butikkar. Håpet er å få med heile sportsbransjen, og slik leggje grunnlaget for eit nasjonalt senter og hindre at ting som kan reparerast hamnar i søpla.

Møbelindustrimaskinar med på laget

Langstein tok tidleg kontakt med Lars Einar Riksheim i Sykkylven for å vidareutvikle konseptet. Han står bak selskapet Amatec, som er størst på industrisymaskinar her i landet. Dei rydda plass til Tøye i Næringsfabrikken – dei tidlegare lokala til møbelprodusenten Hjellegjerde – og har etablert ei produksjonslinje for reparasjon.

Amatec har ekspertise til å tilpasse industrisymaskinar til å kunne reparere ikkje berre klede, men også til dømes sko og ryggsekkar.

Riksheim er klar på at det ikkje ei systove det handlar om her. Det er snakk om reparasjonar på industrielt nivå, der det går kort tid frå kunden leverer inn det øydelagde plagget til han får det igjen ferdig reparert.

Frå venstre Jorunn Dahle, Eva Langstein og Lars Einar Riksheim ved ei av symaskinene i produksjonslinja til Tøye i Næringsfabrikken i Sykkylven.

– Amatec er det einaste selskapet som driv med industriell saum her i landet, så det var naturleg at Tøye tok kontakt med oss, meiner han.

Lars Einar Riksheim håper at pilotprosjektet vil gi svar på kor store justeringar dei må gjere på symaskinane for å tilpasse dei til dei ulike reparasjonane.

– Vil tvinge seg fram

Eva Langstein fortel at målet på sikt er å samlokalisere reparasjonsverkstaden med Tomra Konfeksjon og Sport 1-butikken sine lokale på Vestnes. Ho meiner dei no er inne i ei avgjerande fase.

– Eg er ikkje i tvil om at dette er noko som vil tvinge seg fram. Alt tyder på at folk snart må betale for å kvitte seg med denne typen avfall. Det vil igjen gjere det meir lønsamt å reparere i staden for å kjøpe nytt. No i desember skal vi ha møte med sportsbransjen for å høyre korleis vi kan samarbeide. Vi håper også å få produsentane med på laget.

Langstein fortel at dei i tillegg er i dialog med Den Norske Turistforening (DNT), som også ser på moglegheita til å reparere turklede.

Tomra Konfeksjon vart starta av forretningsmannen Bjørn Tore Gjelsten i 1984. Langstein var dagleg leiar i 12 år før produksjonen vart flytta utanlands. Då kjøpte ho opp firmanamnet, og Tomra Konfeksjon har dei siste åra drive mest med profileringsprodukt.

Gründer Lars Einar Riksheim bak ei av symaskinane som blir brukte av reparasjonsverksemda Tøye i Sykkylven.

Prosjektgruppa som no samarbeider om Tøye og produksjonslinja i Sykkylven består ved sida av Tomra Konfeksjon og Amatec også av Bergans, Sport Holding (som eig sportskjedene Sport1, Intersport og Anton) og programvareselskapet SoEasly. Sistnemnde har utvikla systemet som skal sørgje for ein straumlinjeforma vareflyt frå kunden skannar det øydelagde produktet sitt i butikken, til vara er ferdig reparert og sendt tilbake til kunden.

Prosjektet blir gjennomført med støtte frå Skaperkraft-satsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og dei har også godt håp om støtte frå Innovasjon Noreg.

Meir sirkulær økonomi

Det er brei politisk semje her i landet om at vi må slutte å produsere så mykje søppel. Problemet i dag er at reparasjon blir dyrt samanlikna med å kjøpe nytt.

Det er truleg fleirtal på Stortinget for ei utgreiing om momsfritak på brukte klede og for reparasjonar, men det er lite som tyder på at det blir ei snarleg endring av regelverket. Regjeringa har ikkje foreslått momsfritak eller momskutt på reparasjonar i forslaget sitt til statsbudsjettet for 2026.

Momsfritak på reparasjonar har støtte i store delar av næringslivet og hos miljøorganisasjonane. Det er stor semje om at dette vil vere eit viktig tiltak for å etablere ein meir sirkulær økonomi. Mange forbrukarar er også samde om at vi må bort frå bruk og kast-mentaliteten og heller satse meir på å forlengje levetida på tinga vi alt eig.

Powered by Labrador CMS