nyhende

Bilete av raset i Etne, tatt måndag.

Vil ta tid å få oversikt i Fjæra

Det vil ta tid å få oversikt over skredet som gjekk i Etne søndag, seier Statens vegvesen.

Publisert

Vegvesenet melder at det er krevjande å områ seg i skredområdet i Etne etter raset søndag.

– Tilkomsten med tau er frå om lag 100 meter over losnestaden. Å få etablert den er eit arbeid som er krevjande og som må gjerast i tråd med det viktigaste prinsippet for Statens vegvesen, nemleg tryggleik, seier avdelingsdirektør Svenn Finden.

Losnestaden, altså staden der skredet gjekk frå, ligg 400 meter over havet i ei bratt fjellside, over E134 ved Fjæra. Det er førebels ikkje klart når vegen vil opna att.

Vegvesenet skriv at det er omfattande skadar på vegen, men at dei vil opna han så snart det er trygt. Omkøyringsveg er rv. 13, og ferja Hjelmeland – Nesvik vil gå døgeret rundt til onsdag. Då vil det bli gjort ny vurdering om når vegen kan opnast igjen.

Powered by Labrador CMS