nyhende

Kommunehuset i Sveio sentrum er eitt av fire kommunale bygg som har eige tilfluktsrom.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Kommunehuset i Sveio. Illustrasjonsfoto.

Vil styrkja aktivitetstilbodet i Sveio

Kommunen skal no gå i gang med ny temaplan for idrett og fysisk aktivitet i perioden 2023 – 2026. Til dette ynskjer dei innspel frå sveibuane.

Publisert Sist oppdatert

Hovudområda som vert omtala i planen er eigenorganisert og organisert aktivitet for folk i alle aldrar, folkehelse, friluftsliv og aktivitetsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet som sosial møteplass for alle.

Kommunen treng innspel til kva type helsefremjande aktivitetar, anlegg og område det er ynske om å etablera i Sveio i framtida.

Difor inviterer dei alle sveibuar med engasjement for fysisk aktivitet til idémyldring på kommunehuset den 29. august.

Dét opplyser Sveio kommune på nettstaden sin.

Powered by Labrador CMS