nyhende

Dei har fått smaken på bygdelivet. Ved årsskiftet bytte familien Hoff-Nygaard ut milevis med asfalt i Oslogryta med Vikse, der natur og fridom var stikkordet. Frå venstre: Annie Dahr Nygaard, Vårild Hoff Nygaard, April Hoff Nygaard og Henrik Hoff Vaagen.

Sceneskifte til Vikse: – Dette var midt i blinken

Då skodespelarparet Henrik Hoff Vaagen og Annie Dahr Nygaard fekk jobb i Haugesund og Bergen, gjorde familien eit sceneskifte også utanfor teatersalen. No har dei bytt ut storbylivet med seks månader på Vikse.

Publisert

– Seks månader er lenge å vera borte frå familien. Eg er vant til å reisa i samband med prosjekter, men vanlegvis ikkje for så lange periodar. Sidan Annie også                                 skulle vestover, begynte me å snakka om å dra alle saman. Til slutt gjorde me nettopp det, seier Henrik.

Familien frå Oslo består av foreldra Annie og Henrik, som saman har døtrene April og Vårild. Mens Annie er aktuell med stykket «The Verge» i Bergen og Henrik med «Brørne Løvehjarte» ved Haugesund Teater, har døtrene måtta vennen seg til ein ny skule- og barnehagekvardag på bygda.

Midt i blinken

– Me ønskte oss eit lite vestlandseventyr, noko anna enn det me kjenner heimanfrå, gjerne nær naturen, sjøen og med litt plass rundt oss, fortel Henrik.

Jakta på ein stad å bu starta i ei utleigegruppe på Facebook. Kort tid seinare tikka det inn ei melding om eit hus på Vikse som sjekka av alle boksane.

– Med ein gong eg kom hit, skjønte eg at dette var midt i blinken, held Henrik fram.

Rundt bordet nikkar resten av familien anerkjennande. At pappaen og ektemannen traff godt med husvalet, er det liten tvil om.

Annie, April, Henrik og Vårild rundt midda gsbordet med utsikt utover Vikse. Familien frå Oslo ønskte seg eit lite vestlandseventyr – og fann eit heim med både plass, natur og ei idyllisk utsikt.

Ei ny jente i bygda

For eldste søster April betydde overgangen til Sveio at ho måtte forlata både venner og klassekameratar i Oslo og byrja på nytt i fjerde klasse ved Vikse skule.

– Det er jo kjekt å få sjå noko heilt anna enn Oslo, men det var også  nervepirrande. Eg skulle begynna på ny skule og måtte seia ha det til den gamle klassen min, seier ho.

Før skulen i det heile tatt rakk å starta, fekk ho likevel ein velkomst familien ikkje var van med heimefrå. To jenter kom på døra etter å ha høyrt at det var komen ei ny jente i området.

Det gjorde det også lettare å vita at opphaldet berre skulle vara i seks månader.

– Eg kunne jo trøysta meg med at eg skal tilbake igjen. Det er berre seks månader, men det er framleis lenge nok til at me faktisk kan koma oss til ro her og ha eit lite eventyr, seier ho.

April viser fram nokre av teikningane sine. Med både mor og far på scenen, har også ho fått sansen for det kreative – både gjennom teikning og interessa for teater.

Sidan har mykje falle på plass.

– No går det veldig bra, og eg har fått mange vener, legg ho til.

– Alle snakkar så rart

Lillesøstera Vårild har fått ein ny kvardag i Espira Solkroken barnehage etter flyttinga frå Oslo.

– Alle snakkar så rart språk, seier ho, og trekk er fram ordet «føyse» som eitt av fleire nye bekjentskap.

I barnehagen er det meir frisk luft og fleire turar enn ho var van med frå Oslo. Det set foreldra pris på. Vårild sjølv er ikkje heilt overtydd.

– Eg likar best å vera inne, for eg likar best at det er varmt og sånn. Men når eg skal i barnehagen, vil eg ikkje dit, og når eg blir henta, vil eg ikkje heim igjen, seier ho.

Med Lynet McQueen-bilen i full fart over stovegolvet, nyt Vårild plassen i det nye huset på Vikse. Der har ho og storesyster April for første gong fått kvart sitt rom.

Det verkar likevel ikkje som om overgangen har budd på store problem. Tvert imot har ho allereie rukke å få opplevingar ho neppe ville fått i heimbyen.

– Eg fekk lov til å spikka med ordentleg kniv. Og eg klarte det, seier ho stolt.

Utsikt til ein ny kvardag

Når familien trekkjer ut for litt fotografering ved sin «nye» heim, blir det også tydeleg kva som har gjort inntrykk etter månadane på Vikse.

Rundt huset er det kort veg til både sjø og skog, og langt meir plass å boltra seg på når ungane skal ut i hagen for å leika.

– Det å kunna sitta her og jobba, løfta blikket og sjå fjorden og horisonten, betyr mykje, seier Annie.

Også April trekkjer fram noko av det familien har fått oppleva etter at dei blei bygdefolk.

– Me har vore på isfiske, gått mykje på skeiser, både på vatnet her oppe og på fjorden. Det var heilt magisk, seier ho.

– Det beste er kanskje kor lett tilgjengeleg naturen er, seier Annie.

Ho meiner opphaldet har gjort familien godt.

– Eg opplever at me veks på det, alle saman. Avveksling gjer noko med ein, og her møter me ein kvardag der folk held på med litt andre ting og lever litt annleis enn det me er vande med heime. Det trur eg er godt for både ungar og vaksne å få oppleva, seier ho.

Det som byrja som ei praktisk løysing, har også blitt det Henrik skildra tidleg i prosessen: eit lite vestlandseventyr. Førebels blir det levd ut på Vikse, midt i leio.

Powered by Labrador CMS