nyhende

Slik feirar Herta Erbar påsken.

— Ein gong trudde eg at egga var kokte, men det var dei ikkje

Påsken er her, og for mange blir påskedagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

— Feirar du påske?

— Ja, eg feirar påske.

Dagens påskeenkete

Namn: Herta Erbar

Alder: 80 år

Bustad: Tjernagel

— Kva skal du gjera i påsken?

— Vanlegvis fargar me hardkokte egg i forskjellige fargar. Me pyntar huset, og nokre gongar pyntar me også utanfor huset med ein bukett av farga egg. Egga me heng opp, er ikkje kokte – dei er utblåste og farga.

— Har du nokre påskefavorittar?

— Nei, eg har eigentleg ingen spesielle påskefavorittar.

— Kva er ditt beste påskeminne?

— Mitt beste påskeminne er frå då barna våre var små og me gøymde egg i hagen. Ein gong trudde me egga var kokte, men det var dei ikkje – og då den yngste dottera mi tok eit, sprakk det. Det vart både morosamt og kaotisk, og er eit minne eg framleis hugsar godt.

Powered by Labrador CMS