nyhende
Gladnyheit for busspendlarane
Frå 1. mai set Skyss ned prisen på 30-dagarsbilletten i Vestland.
For kollektivreisande i Sveio betyr dette at 30-dagarsbilletten blir billegare i sone C, som strekkjer seg frå Haugesund i sør til Fitjar i nord. (Sjå dei nye prisane lenger nede i saka.)
Bakgrunnen for prisgrepet er at staten har sett av pengar til ei mellombels ordning for fylkeskommunane i 2026. Stortinget ønskjer å få på plass eit nasjonalt månadskort for kollektivtransport i løpet av 2027.
Mens det arbeidet pågår, er det løyvd 620 millionar kroner til fylkeskommunane. Av dette får Vestland fylkeskommune rundt 81 millionar kroner.
– Dette er ei god nyheit for alle kollektivbrukarar som kjøper 30-dagarsbillett i fylket vårt. Midlane frå staten skal vera med å sikra eit best mogleg kollektivtilbod, i tillegg til reduserte prisar for dei reisande i heile landet, seier fylkesordførar Jon Askeland til Vestland fylkeskommune sine eigne nettsider.
Ordninga er mellombels og gjeld fram til april 2027, med mindre staten kjem med nye tilskot eller den nasjonale periodebilletten blir innført.