nyhende

Formannskapet ber rådmann Ingunn Toft om ei sak om straumstøtte til neste kommunestyremøte. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Formannskapet ber rådmann Ingunn Toft om ei sak om straumstøtte til neste kommunestyremøte.

Vil sjå på mogelegheit for lokal straumstøtte

Formannskapet i Sveio kommune gjorde vedtak om å sjå nærare på straumstøtte for lokale næringar, og gir rådmannen kort frist for å sjå på eit komplekst regelverk.

Publisert Sist oppdatert

Etter lengre diskusjon vart det eit samrøysta vedtak måndag kveld i møtesalen på Sveio kommunehus.

Formannskapet ber no rådmannen om ei sak om straumstøtte til bedrifter til neste kommunestyremøte, om berre to veker.

— Det er viktig at vi sender eit signal, at vi har høyrd dykkar og vi vil hjelpe, seier kommunestyrerepresentant Lars Einar Hollund(H).

Det er Sveio Høgre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet og Kristeleg Folkeparti som står bak forslaget som leia til eit vedtak. Hollund kom med eit stikk mot statleg apati under innlegget sitt.

— Støre følgjer situasjonen nøye, men gjer ikkje noko, sa han.

— Kan vere ulovleg

Konstituert rådmann Ingunn Toft kom med ein to-delt åtvaring. Det er ikkje sikkert at det er lovleg for kommunen å gje straumstøtte, og tidsfristen kan vere for kort.

— Det er ikkje sikkert at Sveio kommune har lov til å gje støtte, seier ho.

— Rådmannen er pålagt å ha ein god nok saksbehandling, og det er ikkje sikkert ein rekk det på berre nokre dagar, seier Toft.

Sjølv om førstkomande kommunestyremøte er om to veker, skal innkalling og sakspapir verte klare innan fredag, som er berre fire arbeidsdagar unna. Vidare peiker rådmannen på eit komplekst EØS-regelverk som kan hindra straumstøtte.

Er på ballen

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) seier ho delar Hollund si uro for næringslivet som slit, men at det og er viktig at Sveio overheld regelverket.

— Eit vedtak viser at vi allereie er på ballen og ynskjer å finne løysingar, seier Erve.

Hollund ynskjer at kommunestyret skal ha mogelegheit til å gjere eit vedtak på førstkomande møte.

— Det er mange som er veldig oppteken av dette, seier han.

Om to veker legg rådmannen fram informasjonen ho har funne om mogelegheitene for straumstøtte på kommunestyremøtet.

Vedtaket blei at formannskapet ber rådmannen om ei sak om straumstøtte.

Rådmannen skal sjå på kor mykje informasjon ho har å kome med på førstkommande kommunestyremøte om to veker.

Powered by Labrador CMS