nyhende

ARKIVFOTO
ARKIVFOTO

Vil sikra nærkontaktar – oppmodar til å avlysa fritidsaktivitetar i og rundt Vigdartun

Kommunen anbefalar at alle fritidsaktivitetar på Vigdartun og tilhøyrande uteområde blir avlyste i dag.

Publisert Sist oppdatert

Grunnen til at skulen og Vigdartun held stengt i dag, er at ein tilsett ved skulen har fått påvist korona. Sveio kommune har lagt ut ei melding med informasjon no i føremiddag.

Det kjem fram at smittesporingsteamet jobbar for fullt, og at barn og unge ved Sveio skule vil kunne vera nærkontaktar til den som har fått påvist covid-19. Sveio kommune skriv:

For å minimera risikoen for smittespreiing, anbefaler kommunen derfor at alle fritidsaktivitetar for barn og unge på Vigdartun og tilhøyrande uteområde blir avlyst i dag. Dette for å sikra at ingen nærkontaktar uforvarande deltar på nokon aktivitetar før smittesporingsteamet har fått høve til å kontakta dei.

Lite å fortelja

No, medan smittesporingsteamet jobbar, er det ikkje så mykje meir å fortelja, opplyser rådmann Jostein Førre.

– Det blir jobba med å identifisera og informera nærkontaktar. Me vil ha eit statusmøte seinare, som vil avklara kva som skal skje vidare i forhold til skule.

Om fritidsaktivitetar utanfor skuleområdet også bør avlysast, kjem an på.

– Dei fleste skal ha fått oppdaterte smittevernrettleiarar etter nasjonale oppdateringar på måndag. Me føl dei, og anbefaler at ein avlyser om ein ikkje er trygg på å gjennomføra aktiviteten på ein god måte, seier Førre.

Jostein Førre, rådmann i Sveio kommune.
Powered by Labrador CMS