nyhende

Denne porten fører i dag inn til eit forsømt kulturminne. FOTO: EINVAR VESTVIK
Denne porten fører i dag inn til eit forsømt kulturminne.

Vil rydda overgrodd kulturminne

Hardingen Ivar Sekse er ein av fleire turgåarar som har reagert på manglande vedlikehald av kolerakyrkjegarden i Leirvåg denne sommaren. Nå tar han saka, for ikkje å seia saksa, i eigne hender og vil rydda det overgrodde kulturminnet for buskar og tre.

Publisert Sist oppdatert

Dette skal truleg skje komande helg. Og Sekse seier han skal klara jobben åleine.

— Flott! seier Ellen Urheim Tveit ved kulturkontoret i Sveio kommune.

Kolerakyrkjegarden er verna og har fått plass i kommunen sin kulturminneplan, men Tveit vedgår at stell av kulturminnet har vore ei utfordring. Ho seier kommunen arbeider for å finna ei løysing på dette problemet.

— Ikkje sjåverdig

Ivar Sekse gir henne gjerne rett i at kommunen har ei utfordring.

— Staden er skilta som sjåverdig, men det synet som møtte oss då me var på tur til Leirvåg for nokre veker sidan, var alt anna enn sjåverdig.

«Kirkegården ved havet», nærare bestemt ved Leirvåg ved Valevåg, er fullstendig overgrodd av tre og buskar. Nå vil hardingen Ivar Sekse rydda staden på eiga hand.

Sekse bur på Sekse ved Sørfjorden, men er gift med Jorunn som er fødd og oppvaksen på Valestrand. Det var i samband med familiebesøk i Sveio at ekteparet tok turen til Leirvåg for nokre veker sidan. Etter dette vil ikkje den pensjonerte bonden sitja stille og sjå på at det kjende kulturminnet i kona si barndomsbygd framstår som forsømt og vanstelt. Svigerfaren, Arne Aage Valen, tok kontakt med kommunen og fekk grønt lys for den private ryddeaksjonen. Og Sekse har planen klar.

— Eg reknar med å gjera jobben med ryddesaks. Eg likar å ha noko å gjera på, også når eg er på besøk hos svigerforeldra mine. Dette skal gå fint, forsikrar Sekse.

Nokre gonger er det rett å gjera det som må gjerast i staden for å venta på andre, seier Arne Aage Valen.

Arne Aage Valen støttar svigersonen sitt initiativ.

— Av og til er det enklare å berre gjera det som må gjerast enn å venta på andre. Så lenge me ikkje gjer noko galt, må det vera lov. Me skulle hatt meir av den haldninga i staden for å krevja at kommunen må ordna opp i alt, seier Valen.

Kultur – og musikkhistorie

Kolerakyrkjegarden i Leirvåg blei vigsla 17. juli 1849. Same dagen blei fem graver jordfesta. Alle dei døde var offer for koleraepidemien som braut ut under sildefisket på kysten vår same vinteren. Seinare skal tre koleraoffer til ha blitt gravlagde i Leirvåg. Det finst også restar av ein kolerakyrkjegard i Mølstrevåg. I Auklandshamn blei det laga ein kolerakyrkjegard som aldri blei vigsla og teken i bruk. Også elles på Haugalandet finst det fleire slike kyrkjegardar. Under sildefisket på den tida var det svært stor fare for smittespreiing. Fisket gjekk då føre seg frå opne båtar. Fiskarane budde på land, der dei låg tett i enkle sjøbuer. Koleraepidemiane skal ha vore årsak til at sjukehuset i Haugesund bart bygd i denne perioden.

Kolerakyrkjegarden i Leirvåg er særskilt godt kjent fordi han er blitt knytt til Fartein Valen og hans verk «Kirkegården ved havet». Dette verket er rett nok først og fremst inspirert av den franske militærkyrkjegarden Cimentiére Marin. Men ifølge Valen sjølv skal han også ha hatt kolerakyrkjegarden i heimbygda i tankane då han arbeidde med verket. Porten inn til kyrkjegarden er elles avbilda på det eine av to norske frimerke som kom ut i samband med 100-årsjubileet for Valens fødsel i 1987.

Ellen Urheim Tveit ved kulturkontoret i Sveio er nøgd og takksam for initiativet frå Ivar Sekse.

— For oss som arbeider med å gjera Fartein Valen sin musikk kjent, har kolerakyrkjegarden ein heilt sentral plass. Tidlegare har me hatt både turar dit og konsertar ved kyrkjegarden, men problemet er tilkomsten, seier haugesundaren Gunnar Johan Løvik.

Løvik er styreleiar i Valen-stiftelsen, som blant anna arrangerer den årlege Valen-festivalen. Han minner om at komponisten Ketil Bjørnstad til årets Valen-festival laga ein heilt ny versjon av «Kirkegården ved havet» og dermed gjorde gravplassen i Leirvåg endå meir aktuell.

— Fantastisk, seier Løvik når han får høyra om Ivar Sekse sitt initiativ for å rydda kyrkjegarden. – Det vitnar om at det er engasjement rundt denne staden, seier han.

Løvik seier elles at Valevåg-området har eit større potensiale som Sveio kommune kan utnytta betre. Til glede for både kulturinteresserte og turgåarar. Han nemner i denne samanhengen Valen-heimen, Fartein Valen sin gravstad ved Valen kapell, Leirvåg og Økland-tunet.

Planlegg ny turveg

Og noko er på gang. Kulturkonsulent Ellen Urheim Tveit fortel at kommunen og Friluftsrådet Vest, samarbeider om ein ny turveg til Leirvåg. Ho håpar også å få ein avtale med friluftsrådet om vedlikehald av kolerakyrkjegarden. Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, stadfestar at partane snakkar saman, men kan ikkje lova stell av gravplassen frå veke til veke. Det har ikkje friluftsrådet kapasitet til. Enkelttiltak som blir avtalte frå gang til gang, er han meir open for. Derimot har han gode nyhende med tanke på tilkomst.

Powered by Labrador CMS