nyhende
Vil røske opp i tabua rundt pengeproblem
Vi snakkar ikkje nok om pengeproblem, men dei kan råke kven som helst, meiner forbrukarøkonom Guro Sollien Eriksrud.
Ho hadde eigentleg aldri vore spesielt interessert i økonomi, og hadde i alle fall ingen planar om å jobbe innanfor feltet. Men det var før eit frivillig verv endra kursen i 2008.
– Gjennom Røde Kors jobba eg med straffedømte. Stort sett gjengangarkriminelle med rusproblem. Nesten alle hadde gjeld og eg såg korleis det spende bein under alle moglegheitene dei hadde for å skaffe seg eit streit liv. Det var ei kraftig aha-oppleving for meg – korleis økonomi i så stor grad påverkar heile mennesket, seier Guro Sollien Eriksrud til Nynorsk pressekontor.
Er Luksusfellen løysinga?
Ho er no fagsjef for forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet og bryr seg framleis ekstra for dei som slit. Engasjementet hennar har òg resultert i ei bok om temaet: «Privatøkonomiske problemer. Hvordan hjelpe i en vanskelig situasjon?».
– Eg vil at fleire skal skjønne når folk treng hjelp og korleis dei kan hjelpe, seier Eriksrud.
Dyrtida dei siste åra har skapt problem for stadig fleire og no er inkassogjelda til nordmenn på eit rekordhøgt nivå. Mange slit, men få er opne om det. Eriksrud meiner vi må fjerne skamma og tabua rundt gjeldsproblem.
– Det er veldig ofte vanskeleg å finne ut kvar du kan få hjelp. Nokre spør om dei verkeleg må vere med i tv-programmet Luksusfellen. Det må dei ikkje, seier ho.
Kan råke alle
Både enkeltpersonar og samfunnet som heilskap er prega av at tabua legg eit lok på openheita rundt økonomiske problem, meiner Eriksrud.
– Eg opplever eigentleg at mange vil snakke om det så lenge nokon vågar å spørje. Ein viktig bodskap for meg er at vi ikkje må gå rundt å tru at folk vil reagere negativt viss vi bryr oss. Dei fleste tar det godt imot viss nokon spør utan å dømme og viser interesse på ein empatisk måte.
Enkelte av oss er i større fare for å hamne i økonomiske problem enn andre. Både inntekt, livssituasjon og sjukdom kan vere faktorar som gjer deg ekstra sårbar for å hamne i uføre. Likevel finst det ingen garantiar for nokon av oss.
– Eg vil påstå at det kan ramme alle. Viss fleire uheldige omstende skjer samtidig kan du plutseleg få ein totalt endra økonomisk kvardag. Viss du til dømes går gjennom eit samlivsbrot og samstundes går inn i ein depresjon er du plutseleg aleine om utgiftene i ein mentalt krevjande kvardag. Viss du då i tillegg må over på NAV-stønader kan det vere nok til at du går direkte frå tryggleik til store bekymringar og potensielle problem, seier Guro Sollien Eriksrud.
Kredittkontroll
Korleis vi organiserer samfunnet kan òg vere med å førebyggje privatøkonomisk kollaps. Til dømes er det politikarane som set rammene for korleis kredittselskapa låner ut pengar.
– Både eg og Forbrukarrådet meiner det må vere grenser for kor høg rente dei kan ta på kredittkort eller forbrukslån. Vi meiner òg at det må vere ei grense for kor lenge eit krav kan vekse viss ein person får betalingsproblem. Finansbransjen må vere med på å sikre at det ikkje blir lånt ut meir pengar enn låntakar handterer og viss det først blir vanskeleg bør dei ha ei plikt til å møte personen med gode råd og samtalar i staden for å køyre hard prosess, seier Eriksrud.
– Er det samfunnet som har ansvar for personleg økonomi?
– Det vil alltid vere slik at nesten alle vaksne skal ha ansvar for eigen økonomi. Vi ønskjer jo ikkje eit samfunn der vi går inn og styrer for hardt. Men det er i alle si interesse at folk ikkje misser kontroll på økonomien. Det kan føre til øydelagt helse, arbeidsløyse og i verste fall at du ikkje klarer å ta vare på deg sjølv eller andre. Det aukar òg sjølvmordsfaren og kostar oss skattepengar. Regelverket må difor innehalde fleire førebyggjande mekanismar.
Gode råd frå forbrukarøkonomen:
For oss alle:
- Ha ein skikkeleg økonomisk buffer. Sjå på det som ein slags airbag. Livet skjer.
- Unngå å bruke meir enn du har. Viss du betaler tilbake kredittkort-rekninga med ein gong er det jo ikkje noko problem, men viss du heile tida er i minus er det veldig dyrt og øydelegg tryggleiken og moglegheitene for deg.
Du som har økonomiske problem:
- Opne deg for nokon du stolar på. Dette er det viktigaste skrittet. Du er ofte handlingslamma når du har hamna i økonomiske problem. Alle som har det vanskeleg treng nokon å støtte seg på.
- Ta kontroll over økonomien – skaff oversikt – eller be nokon om å hjelpe deg med å skaffe det.
- Nav er lovpålagd å tilby gratis økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving. Ver tydeleg på at du treng hjelp og kva du konkret treng hjelp med.
- Snakk med fastlegen om dei økonomiske problema går utover helsa. Mange misser til dømes nattesøvnen og det gjer ting verre. Andre får angst eller depresjon som dei treng hjelp med.
Du som kan/vil hjelpe:
- Spør og ver imøtekommande.
- Hjelp til med å kontakte gjeldsrådgivar eller helsehjelp viss det har gått langt.
- Hjelp til med konkrete ting. Mange med gjeldsproblem torer ikkje å opne posten lenger. Mange torer heller ikkje ta telefonen eller logge seg på nettbank. Hjelp dei med dette – sitt ved sida av og ver støttande når dei jobbar med å skaffe oversikt.
- Hjelp dei med å ringe eventuelle kreditorar eller inkassoselskap og be dei om å foreslå realistiske avtalar.