nyhende
Vil redusera låneopptak med midlar frå badeanlegg
Rådmannen foreslår å omdisponera 48,4 millionar kroner som er avsett til nytt badeanlegg. Desse pengane vil rådmannen i staden bruka til å redusera budsjettert låneopptak.
Forslaget er den mest vidtgåande endringa i politisk prioriteringsliste, som rådmannen legg fram for formannskapet i kveld, måndag. I staden for å gå vidare med planane om nytt badeanlegg, har rådmannen i sitt budsjettforslag sett av midlar til rehabilitering av eksisterande basseng på Sveio skule for å gi dette lengre levetid. Dette er bakgrunnen for forslaget om å disponera avsette midlar til andre føremål.
Rådmannen har også flytta ei rekke andre prosjekt til kantegoriane fullførte eller avslutta. Her er nokre eksempel:
Planering av areal ved Vigdartun foreslår rådmannen å setja på vent medan kommunen går i dialog med idrettsrådet i Sveio om mogleg modell for å realisera fleire idrettsanlegg.
Rådmannen foreslår å ta utvikling av næringsområdet på Hanaleite ut av prioriteringslista. Store delar av området er berørt av planarbeidet for ny E39. Rådmannen vil venta på vedtatt kommuneplan for E39 og deretter avklaring rundt den kommunale reguleringsplanen.
Konkurranseutsetting av kommunale oppgåver og vedlikehald av kommunale vegar er også mellom dei sakene rådmannen vil ta ut av prioriteringslista.