nyhende

Styremedlem Svein Erik Bjelland seier styret i Sveio Næringsforum står samla bak framlegget om å avvikla dagens ordning og gå vidare med ein ny modell i samarbeid med Næringsforeningen Haugalandet.

Vil oppløysa Sveio Næringsforum

Styret i Sveio Næringsforum vil avvikla foreininga og i staden knyta arbeidet tettare til Næringsforeningen Haugalandet. Styremedlem Svein Erik Bjelland meiner dagens modell har blitt for tung å driva, og rettar samstundes kritikk mot Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

På årsmøtet skal medlemmene ta stilling til eit forslag om å oppløysa Sveio Næringsforum. Planen er at arbeidet i staden skal vidareførast gjennom ei lokal ressursgruppe under Næringsforeningen Haugalandet.

Forslaget kjem frå eit samla styre, opplyser styremedlem Svein Erik Bjelland. Han seier erfaringane frå det siste året har gjort det stadig tydelegare at forumet er for avhengig av frivillig innsats frå nokre få personar.

– Dette er mykje kvelds- og helgearbeid, og du er heilt avhengig av at enkeltmenneske tek tak og dreg lasset. Mange av oss som har vore engasjert, har eigne verksemder som også krev mykje tid, seier han.

Då Nina Johanne Matre gav seg som styreleiar etter fjorårets årsmøte, og næringsforumet ikkje lukkast med å få på plass ein etterfølgjar, fall aktivitetsnivået drastisk.

– Medlemmene har strengt tatt ikkje fått så mykje att for pengane i år. Det er beklageleg, seier Bjelland.

Lite hjelp frå kommunen

Samtidig knyter han problemet til det han meiner er manglande oppfølging frå Sveio kommune. Styret har over tid prøvd å få på plass meir støtte, både økonomisk og administrativt, men utan å nå fram.

– Me har søkt om pengestøtte for å oppretta ein stillingsprosent som kan ta seg av mykje av det administrative, eller etterspurt kommunen om ein slik ressurs, men det har vore avslag. Då blir det for tungt å driva ei slik foreining på dugnad, seier han.

Bjelland meiner kommunen ikkje berre har gitt for lite støtte til sjølve næringsforumet, men også i for liten grad har jobba aktivt med næringsutvikling på eiga hand. Han seier tilbakemeldingane han har fått, er at folk som vil etablera seg i Sveio, ofte får for lite hjelp frå kommunen.

Han peikar også på mangel på næringsareal, og meiner kommunen har for svake planar for vidare utvikling.

– Dersom du har ein god forretningsidé og treng hjelp for å koma i gang, så får du ikkje så mykje hjelp. Og i alle fall ikkje når det gjeld næringsområde, seier han.

Bjelland meiner næringsforumet tidvis har gjort vel så mykje som kommunen for å driva næringsutvikling i kommunen.

– Me kjenner jo verkeleg sjølve at det er litt feil at næringsforumet skal vera ein hovuddrivkraft i arbeidet med næringsutvikling i kommunen, seier han.

Kommunen svarar

Rådmann Jostein Førre meiner ei ny organisering av Sveio Næringsforum kan vera positiv for både næringslivet og samarbeidet vidare.

Rådmann Jostein Førre skriv til Vestavind at kommunen set stor pris på arbeidet Sveio Næringsforum har gjort, og håper samarbeidet kan halda fram i ei ny organisering.

Han opplyser at næringsforumet i 2023 søkte om 800.000 kroner til ein dagleg leiar, men at søknaden vart avslått fordi det ikkje var sett av budsjettmidlar.

Samtidig viser Førre til at kommunen kjøper førstelinjetenestar for etablerarar frå Atheno, og skriv at kommunen er «særs nøgd» med kvaliteten og tilgjengelegheita på tilbodet. Han legg til at talet på dei som tek kontakt, er stadig aukande.

Når det gjeld næringsareal, peikar han på at dei fleste aktuelle områda er privateigde. Han viser også til at Hanaleita er bandlagd i samband med E39, og at utvidinga av Ekrene næringspark ligg til behandling i departementet. Samstundes erkjenner han at kommunen må ha meir fokus på næringsareal framover.

Så til Tysvær

Styret begynte etter kvart å sjå på korleis nærliggande kommunar har organisert næringsarbeidet. Ifølgje Bjelland var det også noko kommunen oppmoda dei til, og det førte til dialog med Næringsforeningen Haugalandet. Særleg modellen i Tysvær har vore viktig i vurderinga.

– Fungerar det i Tysvær, så trur me det også kan fungera i Sveio, seier Bjelland.

Vil halda på lokal forankring

Dersom årsmøtet vedtek framlegget, skal Sveio Næringsforum oppløysast. Planen er i staden å oppretta ei lokal ressursgruppe i Sveio, som skal løfta fram saker frå næringslivet og fungera som bindeledd til Næringsforeningen Haugalandet.

For Bjelland er det avgjerande at Sveio framleis får ei tydeleg stemme.

– Det er kjempeviktig at me har den lokale ressursgruppa. Elles blir me berre ei gruppe frå Sveio som betalar medlemskontingent til ei større foreining, seier han.

Han skildrar ressursgruppa som ei meir fleksibel ordning enn dagens styre, der folk kan koplast på etter behov og kompetanse i ulike saker.

Målet er, ifølgje Bjelland, å få større tyngd i arbeidet med mellom anna etablering, næringsareal og kontakt med kommunen og andre aktørar.

– Me trur aktivitetsnivået vil gå kraftig opp, at me blir høyrde, og at me får meir trykk i arbeidet enn det me har klart å få til no. Slik situasjonen er no, meiner me dette er den beste løysinga for medlemmane, seier han.

Om forslaget får to tredels fleirtal på årsmøtet 25. mars, kan Sveio Næringsforum bli avvikla og erstatta av ein ny modell som styret håpar vil gi meir kraft i næringsarbeidet i kommunen.

Powered by Labrador CMS