nyhende
Kva står i vegen for gangsti/sykkelveg mellom Sveio og Haugesund?
Eg køyrer den bortimot kvar dag. Strekninga mellom Tveit og Kvednaneset er ei høgt trafikkert veg på under 1.500 meter. Den er utan lys og vegmerking mellom køyrefelta.
Strekninga har ei magisk evne til å auka pulsen min grunna dårlege køyreforhold, og eg mistenker fleire har hatt den opplevinga. Joggarar, syklistar, bilar som ikkje held sida si, gåande og elsparkesyklistar. Gjerne fleire av desse i kombinasjon på nattestid med skarpe motgåande billys.
Nemnde eg at vegen her er trangare enn resten av fylkesvegen, og har helling ut mot sidene? I likskap med svært mange andre så er det ein veg eg køyrer dagleg, enten det for jobb, familie, handling eller softis-ekspedisjon til Haukås. Eg ser ofte køyrande som raskt må bremsa ned, då dei plutseleg innser at her var ikkje vegen like kjekk å køyra.
Vestavind gjorde i 2024 ein så fabelaktig innsats i å indirekte betre vegen at naboavisa måtte skriva om lokalavisa: «Fikk klager: nå er veien asfaltert på nytt»
Forutan at strekninga er dårleg og utrygg, er det også eit bevis på at Haugesund er så glad i Sveio at deira journalistikk handlar om vår journalistikk, på same måte som deira ordførar også kjem frå Sveio.
Men til noko viktigare. Viss ein vil koma seg frå Sveio og sørover for eigen maskin er omvegar einaste alternativ. Det er så synd! Kvar sommar dreg sykkelturistar til Ryvarden, og kvar helg ser eg syklande og gåande rundt om i kommunen. Nokre gonger dessverre langs denne strekninga.
Og sjølvsagt gjer ein det. Me er menneske, og kortaste strekning er den logiske enten me er til bry for andre eller til fare for oss sjølve. Kva om det var mogeleg å koma seg heilt frå nord til sør til fots og på sykkel? Openbert har sjølve bilvegen ein høgare prioritet, men det er ein fylkesveg. Det betyr at kommunen har mykje dei kan seia, men ikkje mykje dei skal ha sagt.
Men… kva med det som ligg ved sida av fylkesvegen? Der bestemmer jo kommunestyret, og dei er jo utelukkande sveibuar!
Slik kan me selja det inn til politikarane:
Sp: knyter bygdene meir saman til fots og på sykkel.
Frp og H: betre infrastruktur gjer kommunen meir attraktiv for tilflyttarar, turistar og økonomisk aktivitet = pengar.
Ap: alle skal med, no også på sykkeltur. KrF: Vår herre hjelper dei som hjelper seg sjølv, no også til fots og på sykkel.
TvF og dei to uavhengige: sykkel- og gongsti er litt som å stå utanfor dei etablerte partisystema, ein bestemmer sjølv kvar ein tek vegen.
SV og MDG: det er ein sykkelveg!!
Bygg ein sykkel- og gangsti. Ver kreativ og skjer gjennom dei vanlege byråkratiske hindra. Involver den delen av staten som deler ut pengar og sel det inn som noko som gagnar alle. Kall det ein beredsskapsveg til fylket og infrastruktur for folkehelse til Helsedepartementet.
Ring Kulturdepartementet og fortel at de vil bygga ei gangbru forma som Midgardsormen på pålar over Rotatjørna. Tenk kor kult det hadde vore for syklande, skuleborn, fotgjengarar, sykkelturistar og eventuelle sau som har kome seg laus.
Det kunne ha vore ein (trafikksikker) turistattraksjon! Slik det er no vert kommunen «delt i to» til fots, og det er jo ordentleg synd for dei fanga på kvar side av strekninga. Dette er heller ikkje einaste strekning som byr på problem for sveibuar og passerande, og all ros til Vestavind for å ha sett lys på dette gjennom kåring av verste veg.
Det burde vera mogeleg utan bil og buss å koma seg til det som truleg er Sveio kommune sin indrefilet, nemleg Førde. Ser me på mengda med ungdomar (og nokre vaksne) som nyttar el-sparkesyklar, så er det jo enda fleire som kunne hatt glede av gang- og sykkelsti.
Ein kan lesa desse forslaga med eit glimt i auga og trekka på smilebandet. Ting tar tid, eg skjønar det. Samstundes håper eg oppriktig at det ein dag snart vert ein realitet med sykkel- og gangsti. No går me sommaren i møte med meir dagslys, betre vær og generell auka aktivitet utandørs. Dette inkluderer folk og fe til fots og på sykkel.
Det har jo gått fint mange gonger på denne strekninga. Me ser jo det. Så langt har det gått fint å køyra trongt, uoversiktlig og med mjuke trafikantar i vegen.
Heilt til dagen det ikkje gjer det.