nyhende
Vil leggja ned flyktningetenesta sidan ingen nye flyktningar er venta
Sveio kommune er ikkje anmoda om å ta i mot flyktningar neste år. Rådmannen meiner at tida er inne for å avvikla Flyktningetenesta og andre kommunale tenester knytt til mottak av flyktningar.
For at busetnad av flyktningar skal vera berekraftig økonomisk i ein kommune, bør det busetjast minst 20 personar årleg. Dei siste åra har Noreg tatt i mot færre flyktningar, og dei to siste åra har Sveio kommune tatt i mot færre flyktningar enn drifta er tilrettelagt for. Tal frå dei siste 13 åra, seier at det har kome 15,1 flyktningar årleg i snitt til Sveio fram til i dag.
Ingen i 2021
Trenden er lik over heile landet. Kommunane får ikkje tildelt nok flyktningar til å at det er økonomisk forsvarleg. Dette er bakgrunnen for at rådmann Jostein Førre har laga ei sak klar til politikarane, som ser på saka dei neste vekene.
– For 2020 vart me anmoda om mottak av 11 flyktningar, mot 20 tidlegare år. I september i år vart talet redusert til ti, skriv rådmannen i samandraget for saksutgreiinga. Til no har det kome éin flyktning, ytterlegare seks er venta i desse dagar, dei er ikkje medrekna i reknestykket ovanfor.
3. november var anmodninga for norske kommunar klare – Sveio er ikkje bedne om å ta i mot flyktningar i 2021. Rådmannen tolkar dette som eit teikn på at det heller ikkje vil vera aktuelt dei neste åra.
Avvikla over fem år
– Det mest økonomisk forsvarlege vil då vera å starta med avvikling av Flyktningtenesta og andre kommunale tenester som har vore knytt til mottak av flyktningar, skriv Førre.
Han ser føre seg at alt kan avviklast over ein periode på fem år, der første året er i år. Kommunar får tilskot per flyktning for fem år. Når mottak blir avslutta, vil ein få tilskot for dei busette flyktningane ut perioden. På same tid skal norskopplæring, introduksjonsprogram, integrering og liknande ivaretakast.
– Med koronasituasjonen i 2020 utan busetnad av flyktningar som anmoda om, vil dette gi eit økonomisk etterslep dei neste fire åra. Berre for 2020 vil det kome mindre tilskot enn venta, skriv rådmannen.
Fire årsverk
Det er per i dag fire årsverk i Flyktningtenesta i NAV. 1,5 av årsverka er omdisponerte grunna lågt mottak. Helsestasjonen, sosialtenesta, barnehage og skule har samla rammeauke på rundt 2 580 000 kroner, som er meint dekka av flyktningtilskot.
I perioden frå 2007 til 9. november 2020 har kommunen tatt i mot 197 flyktningar (203 med gruppa på seks som er venta). Det har kome flest flyktningar frå Somalia og Russland (Tsjetsjenia), men og frå andre land som Sudan, Irak, Syria, Eritrea og Myanmar.