nyhende

Måndag denne veka var Sigbjørn Framnes (FrP) på besøk i Sveio, mellom anna for å leggja ein plan for korleis Fylkeskommunen og Sveio kommune kan samarbeida om å laga ein reguleringsplan for arbeid med sykkel- og gangsti til rasteplassen ved Vigdarvatnet. Rune Teikari og Ruth G. Østebøvik Eriksen stilte frå Sveio FrP.
Måndag denne veka var Sigbjørn Framnes (FrP) på besøk i Sveio, mellom anna for å leggja ein plan for korleis Fylkeskommunen og Sveio kommune kan samarbeida om å laga ein reguleringsplan for arbeid med sykkel- og gangsti til rasteplassen ved Vigdarvatnet. Rune Teikari og Ruth G. Østebøvik Eriksen stilte frå Sveio FrP.

Vil leggja fyllmasse klar til sykkel- og gangsti

Sveio FrP har ein plan for fyllmassen som vil bli sprengt ut frå tomta til badeanlegget: Leggja den langs Fv 47, som eit framtidig grunnlag for sykkel- og gangsti til badeplassen ved Vigdarvatnet.

Publisert Sist oppdatert

Men først må det ein reguleringsplan til, og det kan best skje i samarbeid mellom kommune og fylkeskommune.
– Me har eitt år på oss, men eg kan ikkje garantera at det er nok planleggjingsressursar i fylkeskommunen til å gå i gong med reguleringsplanarbeid. Me vil gjerne vera klare til å ta i mot steinen når den er tilgjengeleg, seier Sigbjørn Framnes, fylkestingmedlem i Vestland.

Frå sin posisjon i fylkeskommunen kan han vera med og påvirka resten av politikarane i rett retning.

Ruth G. Østebøvik Eriksen er opptatt av å sjå ting i samanheng, og få mest mogleg for pengane, og gjera arbeidet i ein ein-gong.

– Dersom massane må mellomlagrast, blir det dobbel transport og dobbelt arbeid. Det er bortkasta midlar.

Rune Teikari er viss på at den omtalte reguleringsplanen vil vera utslagsgivande for å få starta på eit felt for mjuke trafikantar i denne tida.

– Sigbjørn hjelper til med å få fortgang i planane. Me klarar det om Sveio kommune og fylket jobbar i lag, så får resten komma når det kjem, seier Teikari.

Sigbjørn Framnes frå Stord er mellom anna medlem av hovudutval for samferdsel og mobilitet, som har ansvar for transportsystemet til innbyggjarar og næringsliv.

Det går ein sti frå Krossleite til badeplassen ved Mjelkeneset, men kjem ein frå sentrum må ein gå på vegskuldera i 80-sona. Sveio FrP jobbar no for å få kombinera badeanlegg og sykkel- og gangsti frå undergangane ved Krossleite og Mannaberg.
Powered by Labrador CMS