nyhende

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap). Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Vil la barn og unge sitje lengre i varetekt

I dag kan 15-18-åringar berre sitje i varetekt i to veker om gongen, og barn under 15 år kan politiet berre halde i fire timar. Det vil justisministeren endre.

Publisert Sist oppdatert

La domstolane varetektsfengsle ungdommar mellom 15 og 18 år i tilfelle der det er klart at ungdommen blir sitjande i meir enn to veker, foreslår justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen overfor Aftenposten.

– Dette er ikkje ytterlegare bruk av tvang. Dette er i situasjonar der saka er så alvorleg at barnet kjem til å bli refengsla. Igjen og igjen, seier justisministeren.

I tillegg foreslår ho å la politiet hanke inn og halde barn under 15 år i meir enn fire timar, som er grensa i dag.

– Tilbakemeldingar frå politiet er at det kan vere utfordrande å få dei avklaringane dei trenger på fire timar, seier Aas-Hansen.

Powered by Labrador CMS