nyhende
Vil jobba for å få Førde tilbake på tettstadkartet
Sveio kommune har vedteke å etablera eit prosjekt for stadutvikling i Førde. Arbeidstittelen er «Førde attende på tettstadkartet» – eit hovudmål vil vera å fleire folk til bygda.
Bakgrunnen for prosjektet er eit initiativ frå Håkon J. Skimmeland i Sveio Arbeiderparti, som kom fram i kommunestyret i november 2020.
Samrøystes
I ein interpellasjon viser Skimmeland til at Førde mista statusen sin som tettstad i 2012, trass i at Førde er ei bygd med svært mange kvalitetar, som bør gjera bygda attraktiv.
Ordførar Linn Therese Erve støtta vurderingane då ho svara på interpellasjonen, og eit samla kommunestyre slutta seg i november til tanken om å søkja prosjektmidlar frå Vestland fylkeskommune.
Kartleggja interesse
8. februar blei planane forankra i eit politisk vedtak i formannskapet, som vil vera styringsgruppe for prosjektet. Eit mål er å nå søknadsfristen i mai – ein må då koma raskt i gong med å kartleggja interessa for prosjektet i Førde, og knyta seg til lokale ressurspersonar som kan vera interesserte i å ta del i prosessen vidare, står det i saka.
Rådmannen si vurdering er at eit slikt prosjekt vil vera svært interessant. Årsaka til at bygda fall ut av Statistisk sentralbyrå sin definisjon for tettstad i 2012, var eit resultat av nedgang i folketalet – eit hovudmål vil vera at ein får snudd denne utviklinga.
I følgje SSB, skal ei hussamling registrerast som tettstad dersom det bur minst 200 personar der, men det er også andre kriterium (sjå faktaboks).
Idémyldring
Tor Inge Flåten fortel at Førde bygdalag ser positivt på forslaget om å tilbakeføra Førde sin tettstad-status. Saman med andre lag og organisasjonar skal det haldast ei idémyldring for prosjektet.
– Me håpar at det kan fokuserast på gjera Førde til ein attraktiv stad for busetting, driva næring og besøkja. Ikkje minst trur me at det er viktig å opna fleire tilbod for unge, og ein trygg plass unge kan samlast på fritida, seier lagsleiar Flåten på vegner av bygdalaget.
Trivsel, aktivitet og møte
Vidare håpar dei at det opnar seg moglegheiter for å gjera det lettare med miljøvenleg transport til/frå Førde.
– Då treng me gang/sykkelstiar til Sveio (og Valevåg) langs E39, gode og trygge avkøyrslar frå E39 til både Førde sentrum, Solheimslio og Hanaleite, og eit større tilbod i kollektivtransporten, oppsummerer Flåten.
For bygdalaget er det også viktig at utvikling av Førde sentrum stimulerer til trivsel, aktivitet og møte mellom folk – mogleg ein då vil sjå at Førde blir utvikla på ein positiv måte.
Mogleg møte i mars
Ordførar Linn Therese Erve fortel at dato for møte ikkje er sett enda, av omsyn til smittevern og lokale anbefalingar.
– Me håpar å få til eit fysisk møte mot slutten av mars, dersom smittevernreglar og anbefalingar tillet det. Det vil då bli orientert om fylkeskommunale midlar, søknadsprosessen, og idémyldring rundt bygda.
Erve ser også føre seg å invitera fleire til møtet, til dømes næringslivet i Førde.
InterpellasjonenSveio kommune søker om midlar frå Vestland fylke si «tilskotsordning for by- og Vestland fylke har over fleire år sett av midlar i budsjettet til denne tilskotsordninga, som alle kommunar i Vestland kan søke på. Vestland fylke seier at «[v]ed å skapa gode rammer for kvardagslivet i byar og stadar i Vestland kan vi bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling (….) Denne tilskotsordninga skal bidra til kommunane sitt arbeid med å skapa sentrum og nærmiljø som stimulerer til trivsel, aktivitet og møte mellom folk». Sveio Arbeidarparti er oppteken av at kommunen må ha levande stadar, der folk ønsker å bu, driva næring og moglegheit til å arbeida, og stader folk vil besøka. Førde er ei bygd med mange flotte kvalitetar, med blant anna fleire bustadområder, ein god barneskule og barnehage, «strando» og Rex Garden. Dessverre var det slik at Førde mista status som tettstad i 2012. Sveio Arbeidarparti ønsker å «løfte» bygda Førde, og legge til rette for vekst, både i form av tilflytting og næringsverksemd. Me vil sette i verk tiltak for å marknadsføre dei attraktive kvalitetane bygda har. Me vil få Førde på tettstadkartet igjen! Sveio Arbeidarparti foreslår derfor at kommunen søker midlar frå Vestland fylke si «tilskotsordning for by- og stadutvikling». Søknadsfristen vil mest sannsynleg vera 15. mai 2021. Me meiner det vil vere viktig at bygda er aktivt med i eit slik prosjekt, for å få den lokale forankringa.Sveio Arbeiderparti foreslår følgande forslag til vedtak: Kommunestyret ber Rådmannen førebu søkeprosess våren 2021 på midlar frå Vestland fylke si «tilskotsordning for by- og stadutvikling», med fokus på utvikling av Førde som tettstad. Håkon Skimmeland |