Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Vil inspirere folk til å gå på tur
Vikedal turgruppe har sett opp fem informasjonstavler med 14 utvalde turmål i bygda. Målet er å gje både lokalbefolkninga og tilreisande lyst til å oppdaga nye delar av naturen – og finna turglede.
(GRANNAR): — Me har mange fine turmål i bygda vår som me har lyst til at folk skal kunna gå på, sjølv om dei ikkje er kjende i området. Det er jo mange turistar i Vikedal, seier Grethe Solheim i Vikedal turgruppe.
Dei nye tavlene står strategisk plasserte ved Vikedal båthamn, Joker, Coop Prix, Vikedal motorbane og Låkafossen. Kvar tavle viser bilete av turmåla, kart over området, ei kort skildring og ein QR-kode som gjer det mogleg å lasta ned turinformasjon og kart til mobilen. I tillegg til turbeskrivingar gir tavlene informasjon om kvar turen startar, og korleis ein kjem seg dit med bil. Det er informasjon om kvar tur ved turstart.
Noko for alle
Turgruppa består av Grethe Solheim, Kåre-Lars Tveit, Kjetil Austrheim, Jane Alvseike Austrheim og Geir Torkel Roalkvam. Gruppa ligg under Vikedal grendautval, som dei òg rapporterer til. Prosjektet med informasjonstavlene er eit resultat av mange års innsats og dugnad, der alt frå planlegging og søknader til skilting og monteringsarbeid har blitt gjort lokalt. Også innkjøp av utstyr har vore retta mot lokale leverandørar.
Turane som er valde ut, har varierande vanskegrad – frå korte og lett tilgjengelege turar alle kan gå, til lange og meir krevjande turar. Nokre av turane har vore populære i lang tid, medan andre er nye rundløyper som gruppa sjølv har utvikla.
— Me hadde lyst til å laga turar som både er korte og lette å gå, og lengre turar. Begge delar er ivaretekne. Takka vere positive grunneigarar har me fått det til, forklarar Solheim.
Ho håpar folk set pris på tiltaket og viser omsyn når det gjeld parkering, forsøpling, dyr på beite og bandtvang.
Dei 14 turane er Kløyvahumpen, Hestanipen med rundtur, Lysenuten frå Opsal og Lysenuten frå Eikeland, Lysvassnuten, Roalkvamsnuten, Bjørnstigen, Sjurstøl med rundtur om Djupatjørn og ned til Bjørnstigen, Bjørndalsnuten, Ulvavollsvatnet, Ulvavollsnuten, Skomakernibba, Sønnanåheia, Hogganvik rundtur og Holmen (rundtur i sentrum). Du finn informasjonstavler i Vikedal båthamn, ved Joker og Coop, på motorbanen og ved Låkafossen.
God respons
Solheim understrekar at det finst mange andre turmål i Vikedal, men turgruppa prioriterer desse 14 for å kunna halda best mogleg standard med tanke på vedlikehald. Det er lagt vekt på god og tydeleg merking av løypene. Utstyr til prosjektet, som til dømes skilt, merkepinnar, tavler og benkar, har turgruppa vore bevisst på å handla i Vindafjord.
— Eg håpar at tavlene og merkinga gjer det lettare for folk å koma seg ut, gå andre turmål enn dei elles ville gått, og bli glade i naturen, seier Solheim.
Responsen frå lokalbefolkninga har ifølgje Solheim vore svært positiv så langt. Planen framover er å byta ut dei eldste merkeskilta med meir haldbare. Behovet for økonomisk støtte er framleis til stades, og turgruppa rettar ein stor takk til både grunneigarar og alle som har støtta prosjektet økonomisk – frå lokale foreiningar og bankar til Vindafjord kommune og ulike stiftingar.
Vikedal turgruppe har òg ansvaret for den årlege kommuneturen «Ut på tur i Vindafjord». I år er det rundturen Sjurstøl, Djupatjørn og Bjørnstigen som er vald som kommunetur.