nyhende
Vil ikkje tilrå riving av gamle handelsbygningar i Mølstrevåg
Vestland fylkeskommune vil ikkje tilrå riving av bygningar på gnr. 61 bnr. 1 i Mølstrevågen, slik det er søkt om.
Riving vil få store negative konsekvensar for regionale og lokale kulturminneinteresser, går det fram av ein uttale fylkeskommunen har sendt Sveio kommune.
Det omsøkte tiltaket er i kommuneplanen sin arealdel lagt inn som omsynssone kulturmiljø.
Ønskjer å etablera akvakulturanlegg
Ølen Betong Gruppen har ønskje om å utvida industriområdet i Mølstrevåg. I området vest for bygningane som no blir omsøkt rivne blir det lagt opp til etablering av eit større anlegg for akvakultur på land.
Dette området er ikkje regulert, men avsett med næringsføremål i den gjeldande kommuneplanen, og her vil det bli utarbeida ein reguleringsplan.
Føremålet med rivinga av bygningane er å klargjera området bygningane ligg i for den framtidige utvidinga og utviklinga av næringsområdet i Mølstrevåg.
Det vert søkt om å riva fleire bygningar med høg kulturminneverdi som ligg inne i Sveio kommune sin kommunedelplan for kulturminne (2015-2027). Etter retningslinene til kommunedelplanen for kulturminne skal saker som gjeld vesentlege endringar av bygningar i sone A sendast regional kulturstyresmakt for uttale.
Vern gjennom bruk
Fylkeskommunen støttar opp om Sveio kommune si vurdering frå kultur, både i 2020 og 2021, og er samd i at det knyter seg store interesser til vern og sikring av eit innhaldsrikt kultur- og turmiljø i Mølstrevågen. Ved å ta vare på den gamle handels- og gjestgjevarstaden tek ein og vare på historisk kontinuitet, kulturhistorisk mangfald, særpreg og identitet. Det vert vist til «Vern gjennom bruk» som er eit grunnleggjande prinsipp i kulturminnevernet.
Vidare blir det minna om at det er viktig at Sveio kommune har ein strategi for vern og prioritering av dette verdifulle kulturmiljøet av regional og lokal kulturminneverdi. Sveio kommune må difor ta stilling til korleis dette bygningsmiljøet kan takast vare på for ettertida framfor at det fører til tap av verdifulle kulturminne/ kulturmiljø.
Vestland fylkeskommune oppmodar søkjar om å sjå på korleis kulturmiljøet Mølstrevåg handelsstad kan bli ein del av dagens næringsverksemd i området, gjennom at bygningane blir sett i stand og får ny bruk.