nyhende

Skreiv brev: Førskulegruppa ved Førde barnehage. Frå venstre Abdurahman, Jenny, Vegard, Isak, Axel, Manar, Malene og Synne. Dei er flankerte av SU-leiar Irene Vihovde (t.v.) og barnehagelærar Kjersti Eldholm. Bak seg har dei gjerdet som stengjer dei ute frå uteområdet med mellom anna sklie og klatretre.FOTO: EINAR VESTVIK
Skreiv brev: Førskulegruppa ved Førde barnehage. Frå venstre Abdurahman, Jenny, Vegard, Isak, Axel, Manar, Malene og Synne. Dei er flankerte av SU-leiar Irene Vihovde (t.v.) og barnehagelærar Kjersti Eldholm. Bak seg har dei gjerdet som stengjer dei ute frå uteområdet med mellom anna sklie og klatretre.

Vil ha tilbake uteområdet i barnehagen

Sidan i fjor haust har delar av uteområdet ved Førde barnehage vore avsperra og utilgjengeleg for barna på grunn av store mengder overvatn. Nå har barna i førskulegruppa skrive brev til ordførar og rådmann. Barna vil vita når dei igjen skal få tilgang til klatretre, sklie, leikehytte og plen.

Publisert Sist oppdatert

Førskulegruppa har også invitert ordførar Linn Therese Erve og rådmann Jostein Førre til barnehagen for å visa kva dei meiner.

Breva blei overlevert til kommuneleiinga for eit par veker sidan. Kjersti Eldholm er ansvarleg for førskulegruppa ved Førde barnehage. Ho har hjelpt til med å skriva, men understrekar at heile innhaldet består av barna sine innspel.

SU-leiar Irene Vihovde (t.v.) og barnehagelærar Kjersti Eldholm meiner det hastar med å få orden på uteområdet i barnehagen.

Og barna er ivrige etter å fortelja kva dei meiner då Vestavind møter dei i barnehagen. Sjølv om det er litt vanskeleg å hugsa kven det var dei skreiv brev til og signerte med eigne underskrifter. Dei må ha hjelp til å hugsa den litt vanskelege tittelen «ordførar». Det andre brevet blei visst sendt til Rødhette, meiner Manar. Eller var det kanskje «rådmann» han heitte?

Hytta forsvann og båten sokk

— Me saknar klatretreet vårt. Og lekehytta som jobbemennene, (vaktmeistrane, red.merknad) tok bort fordi ho var farleg å leika i, fortel barna i kor.

Vidare saknar dei den gamle båten som også sto inne på området som nå er avsperra. Båten var så kjekk å leika i, fortel dei.

— Kva skjedde med båten? vil me vita.

— Han sokk! Kjem det spontant frå Axel.

Dei vaksne hjelper til å forklara. Dei store mengdene overvatn som har kome ned langs vegen frå markene ovanfor, har gravd djupe grøfter i barnehagen sitt uteområde. Blant anna blei også båten undergravd. Båten var dessutan i dårleg stand og blei fjerna saman med leikehytta.

Overvatn har vore eit problem for Førde barnehage i mange år, forklarar dei tilsette Kjersti Eldholm, Ida Semb og Hanne Vikse. Ekstra ille har det vore dei siste par åra.

Frustrerte foreldre

Irene Vihovde blei vald til leiar i samarbeidsutvalet (SU) i barnehagen sist haust, men har dokumentasjon på at problemet blei tatt opp av foreldrerepresentantar hausten 2020. Den gongen var svaret frå Sveio kommune si drift- og anleggsavdeling at det var utarbeidd teikningar for eit betre uteområde ved Førde barnehage, men at arbeidet var sett på vent på grunn av andre prosjekt og korona. Målet var likevel å få jobben gjort sommaren 2021.

Det avstengte uteområdet ved Førde barnehage ligg ut mot vegen og er dermed ein del av barnehagen sin fasade.

Slik gjekk det ikkje. Forholda i barnehagen var også tema på bulyst-møtet i Førde sist haust.

— Nå ser me ikkje anna råd enn å ta saka opp gjennom Vestavind, seier SU-leiar Vihovde.

Ho har ei kjensle av at den kommunale barnehagen i Førde med tre avdelingar og 45 plassar blir forsømt av kommunen. Som eksempel nemner ho at barnehagen over lengre tid ikkje har vore i stand til å servera to måltid dagleg fordi dei manglar moderne oppvaskmaskinar. Barna må derfor ha med seg nistemat til det eine måltidet.

Her har det to gonger vore eit synkehol, stort nok til at dei minste barna kan falla nedi og skada seg, seier SU-leiar Irene Vihovde og viser til vannpytten framfor seg. På fanget minstedottera Emilie Vihovde Nygård.

— Me foreldre er frustrerte. Fleire har vurdert å flytta barna til privat barnehage, for eksempel i Sveio sentrum. Eg og har tenkt den tanken. Men sidan eg bur i Førde vil eg gjerne at barna mine skal gå i barnehage med dei som seinare skal bli skulekameratar på Førde skule, seier ho.

Kjem på besøk

Rådmann Jostein Førre stadfestar at han har fått brevet frå førskulegruppa i Førde. Og meir enn det. Han fortel at han og ordførar Linn Therese Erve vil besøkja Førde barnehage onsdag for å møta barna og dei tilsette. Då vil dei ha med seg svar på kva som skal gjerast og kva kommunen sin framdriftsplan er nå.

Powered by Labrador CMS