Forbrukarrådet opplyser at det skal mykje til for å halde eit barn erstatningsmessig ansvarleg for ein skade på nettbrettet.FOTO: NPK
Vil ha slutt på høge pengekrav rundt nettbrett i skulen
Kvart år opplever foreldre å få høge pengekrav frå skular då barn har hatt eit uhell med læringsbrettet, ifølgje Forbrukarrådet. Det vil dei no ha ein slutt på.
NPK-NTB: – Nokre foreldre fortel om rekningar på opp mot 3.000 kroner. Jussen er klar på dette punktet. Så lenge skaden kjem av eit uhell, så kan ikkje barna haldast ansvarlege. Dei minste barna vil neppe kunne haldast ansvarlege uansett, seier juridisk seniorrådgivar Thomas Iversen i Forbrukarrådet i ei pressemelding.
Som dei fleste veit, er kombinasjonen barn og skjørt teknologisk utstyr ganske utfordrande. Då er det slik at desse læringsbretta lever ganske risikofylte liv i barnehender, skriv Forbrukarrådet.
Skal mykje til
Forbrukarrådet er gjort merksam på at skulane ofte sender krav til foreldre om å dekkje kostnadene dersom barna har hatt eit uhell og skadd nettbrettet sitt.
Iversen seier at det skal mykje til for å halde eit barn erstatningsmessig ansvarleg for ein skade, og dessutan at det berre er når barnet verkeleg har utagert at skulen kan leggje rekninga i postkassa til foreldra.
– Har barnet skadd nettbrettet med vilje, altså kasta det i do eller brukt det som frisbee, då kan det ha seg sånn at mor og far må punge ut. Har barnet derimot hatt eit uhell, kan ikkje skulen krevje at du betaler for det, seier han.
Kjem med fleire råd
Iversen kjem samtidig med fleire råd dersom ein har eit barn som kjem heim og seier at nettbrettet har vorte øydelagt.
– Ikkje betal kravet frå skulen om det skulle komme i postkassa. Be om ei grunngiving. Understrek når du snakkar med skulen at uhell ikkje utløyser noka erstatningsplikt og at skulen sjølv må bevise at barnet har handla uforsiktig då læringsbrettet vart øydelagt. Du kan òg be skulen kontakte kommuneadvokaten for ei vurdering av saka, eller ta kontakt med Forbrukarrådet for tips og rettleiing, seier han.