nyhende
Vil ha sjøfly i Sveio
Scandinavian Seaplanes vil landa sjøfly på Vigdarvatnet.— Det vil gje positive økonomiske ringverknadar, seier Trond Nypan, basesjef for Haugesund.
Sjå for deg sjøflyturisme på Vigdarvatnet eller eit anna vatn i Sveio. Korleis trur du det vil påverka kommunen?
Trond Nypan som er basesjef for Scandinavian Seaplanes i Haugesund, meiner det vil vera eit gode både for sveibuar og kundar.
Lokale ringverknadar
— Det vil kunne gje store ringverknadar. Det vil vera behov for overnatting, catering, me vil handla på butikkane og bensin frå den lokale bensinstasjonen, seier han.
Basesjefen forklarar vidare kva dei konkret ynskjer å gjera med sjøfly i Sveio.
— Å opna ein marknad i Sveio for å kunne henta og bringa passasjerar dit. Og så vurderer me også å etablera ein base for ein flyskule der, seier Nypan.
Ein flyskule vil ha ein tosidig funksjon, den kan utdanna nye pilotar og gje eksisterande pilotar ein stad å flyga. Det er ikkje berre nordmenn som er interessert.
Internasjonal marknad
— Det er fleire titals tusen småflypilotar i Tyskland. Eg anslår mellom 50.000 til 100.000. Viss ti av dei vil kome til Noreg kvar sommar med familien, så kan det vera ei mogelegheit til å få dei til Sveio, seier Nypan.
Basesjefen har sjølv 20 år med erfaring, og er framleis flygar for selskapet.
— Er det ein reell marknad for flyturisme i Noreg?
— For sjøfly, ja. Det er veldig få tilbod om det i Europa. Pluss om ein kombinerer det med vakker natur, å flyga i spesielle omgivnadar i sjøfly, så har ein to ting ein ikkje har i Tyskland i særleg grad, seier han.
Lett å fjerna
Han er tydeleg på at sjøfly ikkje er kravstore til plass, så dei som fryktar masse inngrep i natur treng ikkje å uroa seg.
— Ein treng berre ein flytebrygge, og så er me i gang, seier Nypan og legg til:
— Viss ein ynskjer at dei ikkje skal vera der meir, så er det berre å fjerna flytebrygga og me er borte. Me legg ikkje igjen spor i naturen, som til døme ein rullebane, seier han.
Han meiner også at korkje bråk eller forureining vil sjenera sveibuar i nokon særleg grad.
— Når me landar er det veldig lite lyd, og det er som ein moped i 10 sekund når ein tek av. Det bråkar ikkje noko meir enn det, seier Nypan.
Ifølgje han er både Scandinavian Seaplanes og bransjen framtidsretta mot elfly. Det er småfly som vil vera først ute med elmotor trur han.
Ynskjer utfyllande søknad
For nokre veker tilbake tok han kontakt med kommunen.
Einingsleiar for plan og næring i Sveio kommune, Bjarne Hetlesæter, bekreftar at Scandinavian Seaplanes har vore i kontakt med dei. Då ba dei Nypan og sjøflyselskapet om å koma tilbake med ein meir utfyllande søknad, slik at dei har nok informasjon til å gjera ei vurdering.
Nypan forklarar at kommunen uansett må gjera eit politisk vedtak på å gje løyve, grunna dei nasjonale reglane rundt sjøfly.
— Det er eit generelt forbod mot å landa sjøfly på ferskvatn i Noreg. Det er mange vatn som er opna for det, men det må gjerast av kommunen, seier han.
Håpar på 2024
No er det allereie for seint for sjøflytilbod i Sveio denne sesongen, men Nypan håpar noko kan skje i 2024.
— Om dei kunne ha førebudd noko til neste år, så kunne me ha byrja å legga planar for aktivitetar i Sveio, seier Nypan.