nyhende

Redd Barna meiner det viktigaste ein kan gjera for å få ned fråvær er å redusera storleiken på skuleklassar. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK
Redd Barna meiner det viktigaste ein kan gjera for å få ned fråvær er å redusera storleiken på skuleklassar.

Vil ha mindre skuleklassar

Redd Barna meiner det hadde vore betre om skuleklassar hadde maks 20 elevar.

Publisert Sist oppdatert

– For mange av dei me har snakka med hadde det ikkje hjelpt å seia ifrå til lærarar og andre tilsette på skulen om korleis dei opplevde skulen, læringa og miljøet der.

Det seier skulerådgjevar i Redd Barna Anne Elin Kleva til Utdanningsnytt.

Organisasjonen har nettopp kome med ein ny rapport om skulefråvær, og har i den samanheng intervjua fleire elevar som har hatt langvarig fråvær frå skulen.

Redd Barna har snakka med 28 born og unge i alderen 12 til 18, fordelt på ti kommunar frå alle landsdelar. Ting som gjekk att blant elevane var at dei ikkje opplevde og verta lytta til av vaksne, og at dei kjende det som utrygt på skulen på grunn av for store klassar.

– Me har lenge vore bekymra for utviklinga og det at klassestorleiken eser ut over heile landet, seier Kleva.

Organisasjonen meiner talet på elevar i ein skuleklasse må samsvara med lærarnorma, som i dag er på 20 elevar pr. vaksen.

– Mange av borna me har intervjua hadde sagt ifrå fleire gongar utan at dei vart høyrde. Det krev fleire ressursar og mindre klassar for å kunna fanga opp elevar som treng stønad og tilrettelegging, seier Kleva.

Ho seier at å tvinga elevar til å gå på skulen vil verka negativt på lang sikt, og at ein heller må løysa dei underliggjande faktorane.

Powered by Labrador CMS