nyhende
Nøgd biskop med utfordringar til kyrkjelydane:
Vil ha fleire sveibuar til gudsteneste
Biskop Ragnhild Jepsen er full av lovord etter visitasen i Sveio sist veke. Ho rosar den gode kontakten mellom kyrkje, kommune, skular og omsorgssenter, og er overvelda over oppslutninga om visitasgudstenesta søndag.
Gudstenesta samla 176 deltakarar. Av desse fylgde 120 med til den etterfølgande kyrkjekaffien i soknehuset der biskopen heldt visitasforedraget sitt.
– Dei gjekk tom for kaker på grunn av den store oppslutninga, ler biskopen.
Gudstenesta blei også streama, og mange deltok via nettet, fortel sokneprest Arild Stensland.
Han innleia elles det som kan bli ein ny tradisjon ved å arrangera det han kalla visitastog for både små og store frå kyrkja til soknehuset.
Fleire til gudsteneste
176 gudstenestedeltakarar er langt over det normale i Sveio. Her som elles i landet har oppslutninga gått ned etter pandemien, og biskopen si første utfordring til dei lokale kyrkjelydane var å arbeida for å fleire til å delta.
– Korleis det skal skje må kyrkjelydane finna ut av sjølve, og eg forstår dei har fleire tankar om det, seier Jepsen til Vestavind.
Ho kom difor ikkje med noko oppskrift bortsett frå ei oppmoding om å halda fram med streaming av gudstenestene.
– Eg trur invitasjon er nøkkelordet, seier Steinsland, som fortel om gode erfaringar med såkalla bygdegudstenester der lokale lag og organisasjonar blir involverte.
Som eksempel nemner Steinsland korleis dette har vore gjennomført i Førde, med gudstenester i kyrkja og etterfølgande kyrkjekaffi i kjende signalbygg. Først heime hos gamleprosten, deretter i lensmannsgarden. Neste gong blir det kyrkjekaffi i det gamle bakeriet, fortel han.
Universell utforming
Biskopen si neste utfordring var å syta for universell utforming slik at alle kyrkjebygg blir tilgjengelege for folk i rullestol. Eikeland kapell er i dag det einaste bygget med rullestolinngang og flatt golv inne. Dei andre kyrkjene manglar rullestolinngangen, og det er dessutan trappetrinn inne, opp til altaret.
– Dette må me sjølvsagt ta på alvor. Når det gjeld nattverd har me elles slutta å knela ved altarringen. No deler me ut nattverden nede på golvet, så den er tilgjengeleg for alle, seier Steinsland.
For Sveio kyrkje sitt vedkomande vil det vera naudsynt med Riksantikvaren si godkjenning i tillegg til kommunal byggemelding for eventuelle bygningsmessige tiltak.
Diakonstilling
Den tredje utfordringa i biskopen sitt visitasforedrag var å realisera den lenge påtenkte diakonstillinga, i første omgang som eit treårig prosjekt. Fellesrådet vil stilla med 300.000 kroner kvart år i denne perioden. Desse pengane vil vera inntekter frå Gjenbruksløa. Kommunen vil vurdera å tilby ein tilsvarande sum.
– I så fall vil det vera nok til ei halv stilling, seier biskopen, som støttar den lokale tanken om å øyremerka denne stillinga til arbeid blant heimebuande eldre.
Som vertskap er Steinsland svært nøgd med bispevisitasen.
– Det har vore lange dagar, men tida har gått fort, seier soknepresten til Vestavind.