nyhende
Vil ha badeanlegg ved Vigdartun
Sjølv om dei to forslaga er svært like, delte formannskapet seg i eit fleirtal og eit mindretal då dei måndag kom med si tilråding om bygging av badeanlegg i Sveio.
Fleirtalet samla seg om eit forslag frå Framstegspartiet, medan Arbeidarpartiet sine to representantar heldt fast på sitt framlegg.
Både fleirtalet og mindretalet vil ha badeanlegg ved Vigdartun og tenkjer seg ei framtidig samlokalisering med fleirbruks- og idrettshall. Begge forslaga nemner derfor også tilkomstveg med tanke på vidare utbygging.
Ulikskapen mellom dei to forslaga ligg først og fremst i tempo og i tolking av kor forpliktande dei økonomiske rammene frå 2019 skal vera. Ut frå det som blei sagt på møtet, kan det bli utarbeidd eit forslag som alle partia kan samla seg om før kommunestyremøtet måndag.