nyhende
Vil gjera kommunen mindre byråkratisk
Liberalistane er ei av dei tre nye listene ved haustens val. Førstekandidaten er mogelegvis den yngste i Sveio sin historie og vert myndig i april. — Kommunen skal ikkje stå i vegen for folk, seier Jon Bernhard Tollaksen Mølstre.
Liberalistane er eit landsomfattande parti som vart grunnlagt i 2014. Jon Bernhard Tollaksen Mølstre har vore medlem av liberalistane i to år. Før det var han med i FrP, men melde seg ut etter forrige leiarval.
No stiller han til val som førstekandidat for Liberalistane i Sveio.
Vil ha endring
— For dei som ikkje er kjent med liberalistane, korleis vil du forklara ideologien dykkar?
— Me er liberalistiske, me ynskjer at folk skal få stå fritt til å gjera det meste av det dei vil, så lenge dei ikkje skadar andre, svarar Mølstre før han legg til
— Du kan summera det opp med Kardemommeloven eigentleg, spøker han.
Førstekandidaten går for tida andre året sitt på Karmsund Vidaregåande skule, og skal verta elektrikar når han er ferdig. For tida er han 17 år, men vert myndig når april månad nærmar seg slutten.
— Korleis er det byrja å stille til val før ein er myndig?
— Det er spanande, og det er nytt, svarar han.
— Kvifor går du inn i politikken?
— Fordi eg vil gjera ei endring i korleis kommunen vert styrt, seier Mølstre.
— På kva måte?
— Kommunen har tatt opp ein del saker som har vore ganske splittande, og dei driftar kommunen på ein måte eg meiner ikkje er heilt fantastisk god. Det vert brukt litt mykje pengar her og der, seier han.
Nei til symjehall
Som dømer nemner han den tidlegare saka om skulestrukturen, og den komande symjehallen. Han reagerer på at det var på skulane kommunen ynskte å spara inn pengar.
— Kommunen er lovpålagt å halda på med nokre ting og andre ikkje. Det beste hadde vore å spara inn der dei ikkje er lovpålagt å gjera noko. Det er det me går til val på, seier Mølstre.
Ei hjartesak vil vera å stansa unødvendige prosjekt.
— Å stoppa den symjehallen viss me får mogelegheita. Det er feilprioritering i pengebruken.
Dei har ikkje vedteke programmet enno, men Mølstre fortel at dei ikkje vil endra skulestrukturen.
— Den bør forbli slik den er i dag, og me vil heller bruka pengane på å betra situasjonen enn å bruka dei på å flytta rundt på elevane, seier han.
— Korleis kan ein betre situasjonen?
— Mange av skulane er litt eldre og byrjar å dra på åra. Då må det brukast pengar på å forbetra bygga. Og få tak i fleire lærarar og assistentar. Det er jo eit kjent fenomen at det er litt mange elevar per lærar, seier Mølstre.
La folk gjera som dei vil
Lista deira består av åtte personar, og kandidatane kjem frå rundt Sveio, Førde og Bua.
I likskap med førstekandidaten, er til saman halvparten av lista fødd i 2005.
— Eg trur det kan visa at me kjem med nye perspektiv, og ikkje det same gamle. Dei som vil ha endring kan sjå at me har lyst på noko nytt, seier Mølstre.
Mølstre greier ut i klartekst korleis han meiner ein liberalistisk politikk vil sjå ut i Sveio.
— Kommunen skal ikkje stå i vegen for folk. Den skal bruka pengar på det dei må bruka det på. Å styrka tenestene dei må levera. Å vera positiv til byggsøknadar, reguleringsendringar og at folk skal få leva slik dei vil, seier han.