nyhende

https://vestavind-sveio.no/2022/06/10/politiet-vil-opne-for-at-fleire-kan-fa-nodpass/
Fleire skal få ta del i dretten. Biletet er teke under eit volleyball-arrangement i Sveio i fjor.

Vil gjera det enklare for unge å vera fysisk aktive

Lotteri- og stiftelsestilsynet vil gjera det enklare for born og unge å delta i idrett og fysiske aktivitetar. Difor forvaltar dei no ei tilskotsordning som skal leggja til rette for nettopp dette.

Publisert Sist oppdatert

Det er friviljuge lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søkja tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

Ordninga skal retta seg mot følgjande målgrupper:
  • Born og ungdomar frå 6 til 19 år, i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresenterte eller opplever særskilde barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Det er opna for søknader, og søknadsfristen er 13. juni, klokka 13.00. Dét melder Sveio kommune på sin nettstad.

Powered by Labrador CMS