nyhende

Ukrainske Anastasiia Nuzhna flykta frå krigsjerjingane i heimlandet til Sveio. 26-åringen sin draum er å bli jazz-songar. Torsdag 12. mai syng ho i Sveio kyrkje, under ein velgjerdskonsert.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ukrainske Anastasiia Nuzhna flykta frå krigsjerjingane i heimlandet til Sveio. 26-åringen sin draum er å bli jazz-songar. Torsdag 12. mai syng ho i Sveio kyrkje, under ein velgjerdskonsert.

Vil gi noko tilbake til Sveio

Ukrainske Anastasiia Nuzhna (26) og tyske Sebastian Dörfler (56) har begge fått kjenne på konsekvensande av menneske sine mørkaste gjerningar, lidingar i krig. 12. mai skal dei to formidla sine kjensler gjennom musikk, under ein velgjerdskonsert for Ukraina i Sveio kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Anastasiia Nuzhna er ein av dei ukrainske flyktningane som har kome til Sveio. Ho har tidlegare fortalt si gripande historie om flukta frå Ukraina til Noreg og Sveio til Vestavind. No får sveibuane høve til å bli kjende med henne gjennom musikken.

Då Anastasiia for få år sidan jobba som mannskap på ein båt, bestemte ho seg for å studere song. Men kort tid etter ho gjekk i land, stengde skulen i Odessa grunna koronapandemien. Og no, to år seinare, er det krigen som set ein ny og blodig stoppar for kvinna sin draum om å kunne leve som jazz-songar.

Anastasiia Nuzhna var ikkje tung å be då sokneprest Arild Steinsland spurde om ho ville bidra under ein velgjerdskonsert for Ukraina.

Då sokneprest Arild Steinsland tok kontakt med engelsktalande Anastasiia, for å høyre om ho kunne tenke seg å seie nokre ord under ein velgjerdskonsert, sa ho at ho gjerne ville det, men at ho kunne tenkje seg å synge ein song også.

— Eg tenkjer at det er ein fin måte å gi noko tilbake til Sveio-samfunnet på, seier ho.

«Nasjonalsong»

Sjølv slapp 26-åringen å bli augevitne til øydeleggingar og død i heimlandet, men ho har den siste tida følgt med på utviklinga, mellom anna med russiske rakettangrep mot heimbyen hennar, Odessa. Ein by ho fortel til vanleg er full av liv og kulturliv. Ho har framleis nære slektningar i byen, mellom anna ei bestemor og syster hennar.

— Dei nektar å reise derfrå. Dei seier det er deira by, og deira land, fortel ho.

Mor hennar har flykta, og ho kjem etter planen snart til dottera si i Sveio.

Under konserten i kyrkja skal Anastasiia synge songen «Obijmi». Tittelen betyr «klem meg» på norsk. Det er ein song laga av Okean Elzy, som er eit av dei mest populære rockebanda i Ukraina. Songen sleppte dei i 2013, og han har vorte ein slags nasjonalsong i Ukraina sidan den russiske annekteringa av Krim-halvøya i 2014.

— Songen handlar om den dagen krigen er over og me igjen kan klemme alle dei me er glade i, fortel ho.

Songen er spelt inn av fleire artistar den siste tiden. Her er ein av versjonane:

Spelar på Sveio-cello

Det er den tyske og Bergen-busette cellisten Sebastian Dörfler (56) som har teke initiativ til velgjerdskonserten i Sveio kyrkje 12. mai.

Frilans-cellisten og læraren, som mellom anna har 23,5 år bak seg i Bergen Filharmoniske Orkester, fortel at han har tenkt lenge på å gi ein konsert i Sveio. Det er det ein spesiell grunn til. Celloen han speler mest på er nemleg bygd i Sveio, av Karl Otto Mikkelsen.

Dörfler var sjølv med då instrumentmakaren felte selja som celloen er laga av. Han var også med til Hardangervidda då lakken til instrumentet blei kokt der.

— Det var veldig fint å vere med på tilvertingsprosessen av instrumentet, og difor har eg lenge hatt lyst til å la celloen kime i Sveio, fortel han.

Då krigen var eit faktum i Ukraina, kjente han også på eit brennande ønske om å bidra med noko. Han sende ein førespurnad om å få halde ein velgjerdskonsert i Sveio til sokneprest Arild Steinsland, som han kjende frå før. Steinsland stilte straks Sveio-kyrkja til disposisjon.

Cellisten Sebastian Dölfer har tatt initiativ til velgjerdskonserten i Sveio.

Dörfler skal spele to musikkstykke i kyrkja. Det eine er Johann Sebastian Bach sin suite nummer 5 i c-moll. Dörfler fortel at det finst seks suitar av Bach for cello åleine, der kvar er bygd opp etter fasar i eit menneskeliv.

— Den femte suiten handlar om mørket i mennesket. Sarabanden i den suiten er veldig spesiell. Den gir meg stemninga av frelsaren på krossen, seier han.

Det andre stykket han skal spele er Zoltán Kodály sin sonate for cello, opus nummer 8.

— Stykket vart skrive i 1915, altså under første verdskrig. Det er mykje vemod, sorg og sinne i stykket, fortel han.

Opplevde borgarkrig

Dörfler sjølv er ikkje ukjend med konsekvensane av krig. Besteforeldra hans var blant dei mange tyskarane som etter andre verdskrig ble fordrivne frå Schlesien-området, som vart polsk etter krigen.

— Foreldra mine vaks opp i flyktningbustader ved München, fortel han.

Og medan han sjølv enno berre var eit barn, opplevde han å sjå krigsherjingar på nært hald. Familien budde i El Salvador, der faren hadde fått jobb som lærar i den tyske skulen, då det braut ut borgarkrig der i 1980.

— Eg veit veldig godt kva det betyr å vere traumatisert av lyden av maskingevær og bomber, og det å kjenne på redsla for om ein vil vere i live eller ikkje neste dag, seier han.

Powered by Labrador CMS