nyhende
Vil forlenga Haugalandspakken
Måndagens kommunestyre røysta ja til forlenging av Haugalandspakken med eit mindre fleirtal. Samstundes løyvde dei meir pengar til eit komande solcelleanlegg på taket til omsorgssenteret.
Mykje fann stad på kommunestyremøtet måndag kveld. Men, det var berre ei sak som gav verkeleg debatt, nemleg Haugalandspakken.
Til sommaren går nemleg bompengeinnkrevjinga ut og skal etter planen fjernast.
Usemje om bompengar
Fleire politikarar og kommunar ynskjer å forlenga innkrevjinga, slik at den framleis kan finansiera ynskte vegprosjekt. Meir bompengar vil uansett koma i 2026, då Haugesund og Karmøy sin planlagde bypakke skal byrja.
Spørsmålet er då om haugalendingar i mellomtida skal få ein bompengepause eller ikkje.
— Me kjem med ei oppmoding. Stem imot meir bompengar, sa Rune Teikari.
Som gruppeleiar i Fremskrittspartiet var han først på talarstolen då diskusjonen vart opna. Han meiner Sveio ikkje har god nok påverknadskraft og at Haugalandspakken har vakse ut av kontroll.
Forsvararar av forlenging seier det er Sveio si beste mogelegheit til å få betre veger. Ein av dei er Lars Einar Hollund (H), som understreka at han er einig i frustrasjonen over kva Sveio har fått så langt.
— Forlenging er nødvendig, sa han.
På formannskapet 6. februar fekk han røysta fram eit tilleggspunkt til saka. Der kjem Sveio med konkrete krav om pengar til både Fylkesveg 47 og kryss nord for Sveio sentrum.
— Eg vil røysta ja. Men einaste måte å gjera det riktig på er å koma med direkte krav til prioritering, sa Hollund til Vestavind før avstemminga.
Eit mindre fleirtal
Sjølv om det var usemje om saka, også på tvers av politiske liner, var det ein ting dei hadde til felles. Sveio har ikkje fått nok samanlikna med kva sveibuar har betalt inn.
— Eg er ikkje prinsipielt i mot bompengar, når det kjem heile regionen til gode kan det vera positivt, sa Asle Georg Halleraker (Uavhengig).
Han samanlikna saka med ein familie.
— Dei største bør ta vare på dei små, men slik har det ikkje vore her. Veslebror Sveio har fått forsvinnande lite, kanskje berre ein liten kulvert, sa Halleraker.
Han røysta difor nei. Tidlegare partikollega Håkon Skimmeland (Ap) var også oppgitt. Skimmeland sa han var usikker på kva han skulle røysta, og enda opp med eit nei.
Forlenging vart vedteke med 15 mot 10 røyster. Sjølv om Karmøy kommunestyre har sagt nei, vil dei resterande kommunane likevel søkja om forlenging.
Solcelleanlegg på omsorgssenteret
Noko anna som vart bestemt var ei investering i energi og miljø.
Administrasjonen i kommunen har sett på tre offentlege bygningar med høgt energiforbruk, kommunehuset, Vigdartun og omsorgssenteret.
Valet fall på omsorgssenteret, og 2,6 millionar kroner vart løyvd til etterisolering og etablering av solcelleanlegg på taket. Det er 1,7 millionar meir enn opphaveleg planlagd.
Kommunen trur omsorgssenteret vil ha størst nytte av investeringa, då er det er dei som har høgast straumforbruk. Planen er å dekka 70 prosent av takarealet, slik at om lag 700 kvadratmeter med solceller vil produsera energi til bygninga.
Bakgrunnen for auka i investeringsbeløpet er ei ny tilskotsordning frå Husbanken. Der kan kommunar søka på enøk-tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar, noko Sveio no skal gjera.
Forslaget vart samrøystes vedteke.
Auka tilskot
Sveio kommune har frå før bruksavtalar med både Bua husstyre og Ørevik grendahus, der begge mottek 40.000 kroner årleg.
Den har stått på staden kvil lenge, sjølv om straumutgiftene ikkje har det. Til dømes var straumrekninga for Bua gamle skule på 40.593 kroner. Og det var berre første halvår av 2022, frå januar til juli.
Difor vert den årlege støtta frå kommunen auka med 30.000 kroner, til totalt 70.000 kroner kvar.
Samstundes vart det vedteke å etablera ein bruksavtale med Lid grendalag om bruk av grendahus og gymsal på Lid skule. Etter planen skal den gjelda frå 1. januar.
I same vedtak seier kommunen at dei ser positivt på at kjøkenet på grendastova vert oppgradert av Lid grendalag.
Representant Mikael Møller Hovda spurte kommunestyret før handsaminga om han kunne reknast som inhabil, då han er vararepresentant i Bua husstyre.
Kommunestyret var samd i at han ikkje var det, og han fekk gje sin røyst. Forslaget vart samrøystes vedteke.