nyhende

Frå Kvednaneset og nordover då mindre delar av Fv. 47 blei utbetra i juni 2024

– Tilstanden på vegen er såpass dårleg at den må prioriterast no

Om lag 160 kilometer fylkesveg skal få nytt dekke i år. Sveio blir tilgodesett med 5,6 kilometer ny asfalt. 

Publisert Sist oppdatert

Vestland er eitt av fylka i landet med størst del av fylkesvegar i dårleg eller svært dårleg tilstand. Dette aukar risikoen for vassplaning, gir meir slitasje og høgare kostnader til lapping og vedlikehald. Ein kald vinter med mykje tele i bakken har forsterka behovet for dekkelegging fleire stadar.

Sjette lengste strekningen

Om lag 160 kilometer fylkesveg får nytt dekke i 2026, fordelt på strekningar i store delar av fylket. Målet er å betra trafikktryggleiken og framkomme på vegane.

Av desse kilometerane får Fv. 47 Tittelsnesvegen 5,6 kilometer ny asfalt. Det høyres ikkje mykje ut, men er faktisk det sjette lengste strekningen i prioriteringsplanen til Vestland fylkeskommune. Dei to lengste er Folgefonntunnelen (vel 11 km) og Davik–Rugsund i Bremanger (10 km).

Dårleg veg og høg fart

– Det skal asfalterast frå fylkesgrensa til Tveit. Vegen har ein høg årsdøgntrafikk, og tilstanden på vegen er såpass dårleg at den må prioriterast no. Hjulspor som samlar vatn og høg fart på strekninga er også ein del av vurderinga, seier Morten Stokken, byggeleiar vedlikehald og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Dei verste delane av vegen mellom Ekrene og Tveit blei utbetra for to år sidan. Enkelte stader der er det også behov for vedlikehald. Dette vil bli gjort samstundes, opplyser Stokken.

Ein gong mellom mai og november

Når asfaltarbeidet startar er ikkje avklara enno.

– Kontraktane har oppstart 4. mai, og då vil me få ein framdriftsplan frå dei som skal gjera jobbane. Etter det vil eg kunna seia meir enn at arbeidsperioden for kontraktane går frå 4. mai til 1. november, seier prosjektleiar Daniel Fredheim.

Dekkeprogrammet for 2026 har ei økonomisk ramme på 172 millionar kroner, og omfattar både eittårige og toårige kontraktar, i tillegg til ein eigen kontrakt for dekkelegging i Folgefonntunnelen. 

Vestavind skreiv i 2024 ei del saker om at tilstanden på strekningen mellom Kvednaneset og Tveit stadig førte til trafikkfarlege situasjonar. Her er nokre av dei:

NAF om Fv. 47-strekning: – Utgjer ein trafikkfare

Ikkje imponert av lovnad om utbetring: – Dei må gjera strakstiltak!

Kan bli ferdige i løpet av dagen

Powered by Labrador CMS