nyhende

KrFs nestleiar Ida Lindtveit Røse under landsstyremøtet tidlegare i november. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
KrFs nestleiar Ida Lindtveit Røse under landsstyremøtet tidlegare i november.

Vil dobla barnetrygda for barn nr. tre

I det alternative budsjettet sitt vil KrF doble barnetrygda for barn nummer tre, fire og utover. Budsjettet blir i sin heilskap lagt fram torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Saman med ei rekke andre tiltak for barn og familie blir prislappen rundt 5,7 milliardar kroner, skriv Vårt Land. Blant resten av tiltaka er:

* Barnetrygda blir auka frå 1.766 kroner til 2.000 kroner i månaden for barn under seks år. For barn over seks år blir satsen prisjustert.

* Foreldrefrådraget blir auka til 50.000 kroner for første og andre barn og 100.000 for tredje barn og oppover. I dag er det 25.000 for første barn og 15.000 frå andre og oppover.

* Foreldrepengar for alle på minimum 3G frå 1. juli 2025. Forslaget inneber at eingongsstøtta forsvinn, og at foreldrepengar erstattar inntekt når ein er heime med barn ved fødsel eller permisjon.

1G er i dag 124.028 kroner. I tillegg vil KrF ha studiestøtte på 2G i tolv månader for studentar med barn.

Noko av årsaka er at blir det fødd stadig færre barn i Noreg. I 2013 vart det fødd 1,78 barn per kvinne, medan talet i fjor fall til 1,4.

– Oppgåva vår som politikarar er ikkje å seie at folk skal få barn, oppgåva vår er å leggje til rette for at folk kan få barn – og at folk kan få barn når dei har lyst til å få barn, seier nestleiar Ida Lindtveit Røse i KrF.

For å finansiere familiepolitikken vil KrF mellom anna auke folkehelseavgiftene på sjokolade, sukkervarer, alkohol, snu og tobakk.

Powered by Labrador CMS