nyhende
Vil bruka av overskot til skule
Alle partia i Sveio ser ut til å vera for å auka ramma til skulane. Ole-Ørjan Hov i Sveio MDG meiner at det er betre å bruka overskotet på skule framfor å setja pengane i fond.
Sveio MDG vil saman med opposisjonen auka ramma for skulane i revidert budsjett for 2021.
– Me kjem også til å foreslå ein ytterlegare auke i 2022. Det betyr at det alt frå hausten kan vera mogleg å gjera noko med klassestorleiken på Sveio skule. Rådmannen har berekna eit overskot på 12,6 millionar kroner i år. Det er betre å bruka dette på skule, framfor å setja det i fond, når situasjonen er såpass anstrengt i skulen, seier Ole-Ørjan Hov i Sveio MDG.
Opposisjonen håpar på eit fleirtal for dette ved å invitera til samarbeid med alle partia i kommunestyret.
Sveio SV har programfesta å arbeida for mindre klassestorleikar.
– Me har i samarbeid med H, Sp, MDG og KrF stemt for å auka ramma til skulen kvart år, utan å få fleirtal for dette. Me er glade for å sjå at fleire no er positive til å auka ramma til skulen, og håpar at me i lag får dette til, seier Kristina Våge Ballard på vegne av Sveio SV.