nyhende
Kommunestyrefleirtalet avviste behov for ny vurdering:
Vil behalda brannstasjonen i Førde
Sveio skal framleis ha to brannstasjonar, ein i Sveio sentrum og ein i Førde. Det er konklusjonen etter ein lang og engasjert debatt i kommunestyret måndag kveld. Ein debatt som eigentleg ikkje skulle handla om stasjonsstruktur, men om behovet for ny utgreiing.
Vedtaket blei gjort med 15 mot 10 stemmer etter forslag frå Linn Therese Erve (Ap) og med tilslutning frå KrF og INP. Ordlyden på vedtaket er slik:
Dagens stasjonsstruktur skal vera grunnleggjande i ny beredskapsanalyse. Arbeidet med Førde brannstasjon skal halda fram.
Ikkje behov for ny vurdering
Fleirtalet meinte det ikkje var behov for vurdering av behovet for Førde brannstasjon berre to år etter at Haugaland Brann og Redning gjennomførte ei slik vurdering og konkluderte med at Førde brannstasjon skulle bestå. Mindretalet støtta eit forslag frå Høgre som i utgangspunktet var likt rådmannen og formannskapsfleirtalet si tilråding. Det gjekk ut på å be Norconsult om ei ny vurdering av behovet for Førde brannstasjon før ein tek endeleg avgjerd.
Men Høgre sitt forslag, som blei presentert av Grethe Lier Alne, hadde også med eit nytt punkt om at arbeidet med ny Førde brannstasjon skulle halda fram medan den nye vurderinga pågjekk.
– Ole Brumm-politikk
– Ole Brumm-politikk! Høgre seier ja takk, begge deler, kommenterte Linn Therese Erve, og kalla Høgre-forslaget eit forsøk på trenering.
Dette siste blei avvist av John Kristian Økland (H), som understreka at partiet er oppteken av best mogleg beredskap.
Sondre Natås Strand (KrF) var ein av dei mest engasjerte debattantane og ein sterk forsvarar av Førde brannstasjon.
– Dette er ei lei og unødvendig sak. Det hastar med å byggja ny brannstasjon i Førde for å unngå dagbøter frå Arbeidstilsynet, sa han mellom anna.
Mange tilhøyrarar
I tillegg til KrF og INP støtta også Senterpartiet og MDG sine representantar forslaget som fekk fleirtal. Frp-gruppa delte seg i to. To av representantane stemte for forslaget som fekk fleirtal, to støtta Høgre sitt forslag om meir utgreiing før endeleg avgjerd. Høgre-forslaget fekk også støtte frå Tverrpolitisk fellesliste og SV.
Det var ikkje berre politikarane rundt bordet som var engasjerte i denne saka. Ti-femten tilhøyrarar følgde også debatten med stor interesse. Fleire av dei representerte brannmannskapa i Sveio. På grunn av tilhøyrarane blei denne saka flytta heilt fram på saklista.