nyhende
Tydeleg at folk betaler mindre for barnehage
Eit hushald betalte i gjennomsnitt 1.425 kroner i månaden for ein barnehageplass, inkludert kostpengar og andre tilleggsutgifter, i januar 2026. Dette er ein nedgang på 31,3 prosent samanlikna med året før.
Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Nedgangen i foreldrebetaling i barnehagar kjem i hovudsak av at maksprisen vart redusert frå 2.000 kroner til 1.200 kroner frå 1. august i fjor. I dei minst sentrale kommunane vart maksprisen redusert frå 1.500 kroner til 700 kroner, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i SSB i ei sak på nettsidene deira.
Det er andre året på rad at maksprisen blir kraftig redusert. 1. august 2024 vart maksprisen kutta frå 3.000 kroner til 2.000 kroner og til 1.500 kroner for dei minst sentrale kommunane. Sidan januar 2024 har den gjennomsnittlege årsprisen på eit fulltidsopphald i barnehage gått ned med 50 prosent på landsbasis.